Spytt ut!




Barn og vaksne hadde ulike reglar

Det var ikkje alt dei vaksne skulle veta om.  Det var ting dei helst skulle haldast utanfor. så var det ting dei vaksne gjorde, men som ungar ikkje skulle gjere. 
Når far snakka med andre vaksne karar. hende det rett som det var at dei understreka det dei gjorde med å spytte, langt. 
Men det var eigentleg stygt å spytte. Ein spytta ikkje. Men utanfor vaksne augo hende det at me arrangerte spyttekonkurransar. Kven kunne spytte lengst? Det vart aldri eg. Det også var moro å la det fråde litt rundt munnen, og å  blåse spyttet ut i store bobler var også spanande, men så pass grisete at vi heldt det for oss sjøl, innan ein engare krets, så å seie, når vi øvde på det.
Spytta du etter nokon, ja då gav du uttrykk for djup vanvørdnad og forakt. 
Gamle kallar spytta skrå, og det freste i vedomnen når dei let opp døra og let klysa gå. Eg hugsar bestefar min opna omnsdøra og gjorde det, og det spraka i omnen.
Men du kunne sleike/ spytte  på frimerket for å feste det på konvolutten, for sjølvklebande frimerke var ikkje påtenkt eingong.


Kva er spytt? 

Spytt eller saliva er ei altså ei fordøyelsesveske som vert produsert i spyttkjertlane i munnhola. Hjå menneske produserer kjertlane normalt ca. 1-2 liter spytt i døgnet, les ein på Wikipedia.
Det er spyttkjertlane i munnen som produserer spyttet. Du har to store på kvar side av kjakene dine, og du har fire nede i munnen. Det er disse som produserer mest spytt, men du har i tillegg 800-1000 bittesmå spyttkjertler i hele munnhola. Saman held dei  munnhola konstant våt. ( Visste du dette om spytt?)


Vatn i munnen

Vi lærde på skulen at spytt var viktig for å blande maten når me åt, og kjende at vi fekk vatn i munnen når det lukta godt  frå steikjeomnen eller vi såg god mat på kjøkkenbordet. I fylgje professor Maud Bergdahl ved Det helsevitenskapelige fakultet, UiT,  går det impulsar frå synssenteret til hjernen som igjen gjev spyttkjertlene beskjed om å produsere mer spytt. Det samme skjer når vi luktar god mat. Munnen gjer seg klar til å ta imot maten.


Fakta frå professoren

Visste du at du produserar  1-1,5 liter spytt kvar einaste dag? Det vil sei at du kan fylle eit stort badekar i løpet av et år. Ekkelt? Eigentleg ikke, for skal vi tru professor Bergdahl er det motsatte alternativet, altså å bli turr i munnen, mykje verre. Ganske ille, faktisk.
 Eg har forska på spytt og tørr munn, og eg kan sei at spytt er veldig viktig. Utan spytt i munnen ville tunga di blitt hard som ein skosåle. Du ville hatt problem med å prate, ete og svelge.Folk med  tørr  munn kan derfor få blodige gnagsår. Spyttet vernar tennene, dei kapslar inn bakteriane frå maten og er hjelper til med fordøyinga, ramsar ho opp.
– Spytt består av 99 prosent vatn, resten er proteiner, og drep bakteriar og virus Det inneheld mykje av det samme som tårer – stoff som vernar  og smør. 


Spytt lindra verk

 Det hugsar eg frå eg var barn. Vi smurde spytt på stikk og skrammer, og det lindra verken. 

Å dele spytt kan vere bra, så berre kyss!

.Immunforsvaret vert bygd opp av å vere i kontakt med andre, så å dele bakteriar er bra. Dessuten er bakteriane vi har i spyttet som oftest "snille", for dei verner oss mot dei  "slemme" bakteriene. Når ein kysser utløses det i tillegg noen hormoner som gjør deg lykkeleg og det er også bra for immunforsvaret, fortel den same professoren.


Visste du forresten? 

Visste du  
-at spyttet på graset heiter gaukespytt og kjem frå skumsikade, ein larve som skader plantar?
-at lamaer spyttar når dei kjenner seg trua , og kranglar om maten? Då kan dei vere treffsikre på 10-15 meter, så ligg øyrene bakover, hald avstand! 
- at du ikkje skal spytte i motvind?
- at manglande arbeidslyst kunne karakteriserast slik: Ønsk i den eine handa, og spytt i den andre, så skal du sjå kven av dei det kjem mest oppi.  God helg!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar