Yrke som var- post og telegraf





Det er ein del yrke som ikkje er lenger. Postopnar og telegrafistinne er to av dei.  Då eg vaks opp var dei på alle stader der rutebåten hadde anløp. Det var ofte kvinnearbeidsplassar, i ei tid når det var lite arbeid for kvinner.
 Posten var vesentleg i barndommen min. Der fekk du aviser, brev og rekningar, og du kjøpte frimerke, og sende brev. Han var open nokre timar på føremiddag, og om ettermiddagen til klokka sju-halv åtte.

Det var eit eige lite hus, som også hyste den vesle telefonsentralen. Huset hadde også ein liten hybel, med tekjøkken, slik at ein kunne overnatta om det var tidleg postavgang, eller veret var dårleg.
Gangen hadde to små avlukke for dei som skulle låne rikstelefonen, ei dør til dei indre gemakker for desse to verksemdene, ein benk for dei som venta på posten, og ein glugge der ein henta og sende post.

Dei som hadde telefon, måtte ringa på sentralen for å bli sett over til dei andre abonnentane på staden. Skulle du ringa til nabobygda, eller til Bergen  eller Oslo måtte du ha riks. Då sette telegrafen over til nye sentralar, som igjen ringde opp til abonnenten der. Det var ingen automatisering i den tida. Du måtte ofte vente ei stund før  du kom igjennom til dei du ville snakke med. Rikstelefon var dyrt, og du brukte han berre når det var naudsynt. Gjennom telefonen fekk ein og telegram. Telegramma vart sende ut til dei det galdt frå telefonstasjonen. Ein spesiell ting var festtelegramma, som hadde vakre bilete, og som vart brukte ved fødsel, konfirmasjon, bryllaup og store dagar, som 50-år. Dei vart lese opp ved festmiddagen, som ein del av underhaldinga  Mor tok vare på bryllaupstelegramma sine, og eg tok vare på mine frå konfirmasjonen.
Telefonledningane gjekk i eige nett, og kunne rett som det var falle ut. Då hadde du ikkje kontakt med omverda.

Postavgangen var når rutebåten kom, og då sende Olga eller Margit postsekker, knytt med band rundt, og tok imot same typen sekker. Det er rart å tenke på at hyssingen rundt postsekkane var god nok forsegling.   Innhaldet var brev med frimerker, pakkar, rekningar og aviser og blad. Verdiposten hadde lakkforsegling.

Olga sorterte dei, og så opna ho gluggen, og ropte opp dei som skulle ha post.
Eg veit ikkje heilt når posthuset var bygd, om det var før eller etter krigen, men det stod der i mi tid. Olga budde vel der før ho gifte seg, men etterat ho vart gift, flytte ho opp på heimegarden, det nedste bruket på Leiknes, der ho og mannen dreiv garden attåt. Ho skifta då etternamn frå Leiknes til Hopsdal, garden låg attmed storvegen, så vi tala ofte med dei i onnene, når dei dreiv med slåtten, hesja, eller når dei tok opp potetene. Det må nok ha vore travelt til tider, når ho skulle vere med i arbeidet heime, og samstundes ha posten open både morgon og kveld. Ho var blid og triveleg, og hadde alltid tid til å ta ein prat.

Om vinteren var det mørkt, då ho gjekk heim att om kvelden, og det var ikkje mykje lys i Tångabrekka. Eg hugsar mor fortalde at ho fekk seg ein støkk ein kveld, for brekka  var mykje brukt som akebakke, og den kvelden kom det nokre rattkjelkar i full fart. Olga var gravid, og måtte koma seg unnan for kjelkane som brukte det meste av vegen på si ville ferd. Men det gjekk bra, denne gongen
Margit hjelpte til. Ho budde i Hellesvågen, og hadde lengre veg. Derfor overnatta ho av og til. Dotter hennar , Dagny, var ein del med henne på jobb. Det var stas å besøke henne då. Eg har trivlege minne frå dei gongane, der Margit laga mat, og me åt på det vesle rommet bak telegrafen.
.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar