Å vaske seg - det er slettes ikke godt. Børsten er bustet, og vannet er så vått. Nei skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann. Torbjørn Egner




I våre dagar er dusj ein del av dagleg hygiene for mange i Noreg.  På 1700-talet var det nok å vaske seg ein gong i året, medan embetsfolk vaska ansikt og hender oftare..
Dei færraste hadde bad like etter krigen. Du vaska deg i vasken, eller i vaskefat. Kaldt vatn, eller litt varmt oppi frå vasspanna som alltid stod på komfyren. Såpe var nødvendig, og så lenge eg hugsa hadde me toalettsåpe, medan far fekk bruke sunlightsåpe når han var retteleg skiten på nevane, og det var han ofte.
Morgonvasken var hovud, hals, øyrer og hender, med såpe, vaskeklut og hånduk. Skulle du på skulen, hende det du vart sett over, så og seie, for det skulle verken være strimer i ansiktet, på hendene eller halsen når du gjekk blant folk, og øyrevoksen måtte bort.
Om du hadde vaska deg kvelden før, var inga orsaking. Skulle du ut, skulle du vaske deg. punkt slutt.
                                        Sinkstampen.  Her seglestamp. Eg til venstre.
Laurdagsvasken tok me ungane  ute om sommaren, i  sinkstamp. Omstendeleg arbeid, der ein bar ut oppvarma varmt vatn, og kald vatn, for å få riktig temperatur. Av og til let mor berre vatnet stå i stampen, til lufta hadde varma opp. Men vatnet måtte bærast til stampen, okke som.
Om vinteren vaska me oss heilvask i vaskefat. Mor vaska, og etterkvart som ein kom til sjels år og alder, overtok ein meir og meir av prosessen sjøl. Men litt hjelp til ryggen var nødvendig, og inspeksjon av neglene var påkrevd. Ingen sørgerender på laurdag ettermiddag!
Hårvasken var og i vaskefat, og då måtte ofte såpa skyljast or med temperert vatn i ei ause eller mugge, så reingjering var ofte eit felles arbeid, om ein ikkje hadde rutinar som gjorde ein sjølvhjelpen med skyljing.
På Eikanger hadde dei offentleg bad, hugsa eg dei vaksne snakka om, men eg veit ikkje korleis det fungerte. Kanskje nokon hugsar?
Dei nye husa som kom på 50- talet hadde innteikna bad og dusj, oftast i kjellaren, og dei vart etterkvart innreia. I den tida kunne ein flytte inn i eit hus om ikkje alt var i orden. (Me hadde berre eit rom ferdig på loftet då me flytte inn i 1955)
Då mor og far bygde seg hus på Flossvika i 1954, var dei samstemte om at dei ville ha bad i første etasje. Med ein stor barneflokk var nok det lurt. Men Husbanken hadde ikkje opna for så stort areal i første høgda, så dei måtte låna i privatbank for å få byggja slik. Det var eit ekstra økonomisk løft på den tida.


Men bad vart det, først med dusj , og litt seinare med badekar.  .Vi ungane var ikkje lite stolte over å ha fått bad! Dei minste bada saman, for det var dyrt å varma vatn, men dei eldste bada for seg.
Toalettet var sjølsagt på badet. Ein sparte  på røropplegget, må vita.
I ein stor familie var det ein standardreplikk før du gjekk for å bada: -  Er det nokon som skal på do?
Å stå opp att or badekaret etter å ha nedsenket sitt legeme, tulle seg i håndkle og låse opp dodøra  forat  søte små skulle gjere sitt fornødne var eit herk, og tok vekk mykje av livsnytinga. Difor var det best å gardere seg.  For etterkvart tok ting tid. Du skulle ha riktig temperatur på vatnet, nedsenke ditt legeme og nyte varmen, etterkvart vaske deg, synge litt, dukke under, lese Donald, slappe av og etter ein times tid  dusje av deg såpe, tørke deg og kle på deg, vaske badekaret og tørke av golvet.
 Etter ein slik seanse var ofte varmtvasstanken tom for varmt vatn, og det tok tid før det varmast opp att. Å setje han på 3 var unntakstilstand, som like før jul når mange skulle bade på kort tid. Straum var dyrt, så vi fordelte badinga ut over veka.
Men bading var godt, bading var velvære, du kjende deg rein. Skrubb og børste  var så absolutt noko for for meg!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar