Yrke som var: Dampskipsekspeditør og meierske


Alle stader der rutebåten hadde anløp, var det ein dampskipsekspeditør. Han gjorde klart varer som skulle sendast med båten, og tok imot det godset som kom med båten. Mjølsekker og kraftfor, mølkespann  og bygningsmateriale, alt vart heist på land med vinsjen frå lasterommet eller dekket.

 Krøtter som skulle til slaktehuset heiste dei ombord, fiskekassar, tynner og andre ting som skulle fraktast. Det meste hadde fraktebrev, som ekspeditøren tok vare på eller skreiv ut. Trossa tok han imot og feste når båten kom, og ofte var det to, ei framme og ei bak, litt etter kor sterk straumen i fjorden  var. Han hjelpte til med å få landgangen på plass, og kunne gje ferdafolk ei hånd, om dei trengte det.  Når det ringde til avgang frå brua, var han klar til å losne trossa, ei for ei. Han helste til luva,  som skikken var, når båten bakka ut. Luve med brem, sjølvsagt.
Varene vart oppbevart i eit lite skur midt på kaia. Seinare, når kaien vart utvida, stod det ytterst mot sør, på den nye delen av brygga. Opningstidene var like før og like etter båtavgang. Dei fann  du  i ruteheftet til Indre Nordhordland Dampbåtlag., Enkelt og greitt..

                                                        Meieriet og ishuset midt på bildet.
                                           Lagerhus for dampbåtekspedisjonen nede på kaia

Eit anna yrke som ikkje lenger er, er meierska. Meieriet på Leiknes vart stifta og bygd i 1897, i eit toetasjes hus med hybel og legekontor i andre høgda, og meieri i første. Det hadde eit lite ankomstrom, innvegingsrom , kjølelager og ishus. I ishuset var det lagra is, nedkjølt med straum. Det brukte dei  til å kjøle ned mjølka med. Utanfor huset var det trapper ned til sjøen, der robåtar kunne leggje til. Det var vel nokre frå Hedlesvågsida som leverte med båt før brua kom i 1949.

Meieriet var ope nokre timar på føremiddag og ettermiddag, Det var  rutebåtavgang, og meierska køyrde 50 og hundrelitersspann på kassevogna ned til båten, der dei vart heiste ombord, og sendt til meieriet i Bergen, der mjølka vart seld eller vidareforedla.
                                                       ill.foto : Mjølkekøyring med hest
Både frå Hopsdal, Mundal Leiknes, Midtgard og Hodnesdal var det køyrelag, der bøndene køyrde mjølka med hest til meieriet kvar si veke. Dei  bar   mjølkespanna inn i innvegingsrommet og slo henne opp i innvegingsspannet, som hang i ein kjetting frå taket. Deretter batt dei hestane i veggen utanfor ishuset, om dei hadde ærend på butikken eller i posten.  Meierska vog mølka, og tok  samstundes prøvar av henne, som av og til  vart sendt vidare til analyse. Det var utgangspunktet for prisen bøndene fekk for dråpane sine. Men nokre valde å ta att ost og smør for ein del av mjølkepengane.

Dei som ikkje hadde hest, bar mjølka på ryggen, eller brukte handkjerre til å frakte henne med. Mjølkepengane var eit viktig tilskot  til pengeøkonomien i ei tid der  det var lite av alt.


Me ungane som ikkje kom frå gard, vart sendt med mjølkespann for å kjøpe mjølk. Ein liter, treliter og 5 liter, alt etter behovet. Først brukte me tømde dropsspann, seinare vart det mjølkespann med hals og lok. Dei  var betre og meir driftssikre, og ein risikerte ikke å søle mjølk for lokket datt lett av, om det ikkje var skikkeleg påsett..  Fulle spann var jo forholdsvis tunge for den som liten var, og kunne henge nokså skeivt på eit sykkelstyre.
Nokre bønder gav silo medan dei mjølka. Då smaka det silo av mjølka og. Det var lite populært hjå mødrene våre, så meierska henta mjølk frå lageret i staden for å ta frå innvegingsspannet når desse gardbrukarane leverte. Silomjølk smaka ikkje godt!
Meierska hadde nok lange dagar, med formiddags- og ettermiddagsvakt, med reingjering av spann og lokale, og fordi ho skulle sende mjølkespann og ta imot tomme i allslags ver. .  Ho skulle prate med gardbrukarane, distribuere smør og ost , og ta imot kjeft om dei tykte prisen på produkta var for låg. Ho målte opp mjølk med ei spesiell ause - som var autorisert for sal- og selde til oss ungane.
Meieriet vart lagd ned i 1959, og mjølka sendt med varebil til Seim. Me begynte å kjøpe flaskemjølk, som så vidt eg hugsar var pasteurisert.
Både meierska og dampskipsekspeditøren gjorde nødvendig arbeid på bygdene, og tente nokre kroner på arbeidet sitt. Det var viktige arbeidsplassar i si tid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar