Minner om juletreet og pynten. Kva symboliserer treet og pynten?

" Du grøne glitrande tree god dag, velkommen du som vi ser så gjerne med julelys og med norske flagg og høgt i toppen den blanke stjerne! " ( Fotograf Tomas Eikrem) Juletreet var kortreist. Anten fann du det på eigen tomt, eller du fekk hogge eit hjå naboen. Det var ikkje noko særleg seremoni med å finne det. Som oftast hadde far sett det ut, eller han tok seg ein tur ein av dei siste dagane føe jul. Treet vart sett i vedskjulet, og der fekk det stå å renne av seg is, snø eller regn. Formen kunne variere, frå langt og smalt, til meir rundt nederst og smalare øvst. Treet vart hogge til for å passe til foten, og etter dei elektriske lysa kom i hus, vart toppen kutta for å passe til stjerna. Nokre gonger var det gran, andre gonger furu. Det heft...