Mor tek sertifikat og held fram med bedrifta hans far.


Då far døydde, tok mor over entrepenørverksemda hans far.Ho hadde frå før vore med å føre rekneskap og skrive anbod på nytt arbeid, men ikkje vore med i det daglege arbeidet. Me hadde ein betrudd medarbeidar, Alf ( Svingen) Fyllingen som kunne det meste, men det var for tungvindt å ikkje kunna kjøra lastebil, sjå på nye oppdrag og kjøre arbeidsfolk dit dei skulle.
Økonomisk støtte til barn som hadde mist forsørger kom i 1957, året før far døydde, men det var inga støtte til enkja. Den offentlege tilskuddet var likevel ikkje nok til å forsørge 6 born, når du ikkje hadde gard å støtte deg til. Mor og far hadde huslån og litt lån på bil og utstyr, og når det attåt var  6 munnar å mette, var det berre å brette opp armane og gå i gang med å arbeide. Det som var nærliggjande, var å halde fram med verksemda til far, med husagrunnar, kjelder og vegbygging.  Det var ingen kvinner som hadde sertifikat på landsbygda den gongen. Det var som ein sa, kvinnene var ikkje betrudde å ta i ei mjølkemaskin ein gong, langt mindre å køyre bil.
Så vidt eg har klart å røkje etter, tok ho nokre timar hjå Ingvald Nævdal, som så vidt hadde byrja med lærekøyring. Ho køyrde også med Alf Fyllingen, og om onkel Kåre hjalp henne ein gong eller to , veit eg ikkje. Men ho øvingskøyrde på smale bygdevegar, svinga og rygga til næraste møteplass når ho ein sjeldan gong møtte ein bil. Det var teori til førarprøven, men om det var ein spesiell skriftleg prøve veit eg ikkje.

Me diskuterte i familien korleis ho tok sertifikatet. Me veit ho tok det i byen, men var usikker på om ho brukte eigen bil til oppkøyringa.  For det var lov å køyre opp med eigen bil, og du tok same type sertfikat både til personbil og lastebil. Me kom fram til at ho brukte nok lastebilen, og at Alf Svingen køyrde bilen til byen, og at bilsakkyndige og ho entra bilen og køyrde ein runde i området  rundt Auto 23. Det var trafikklys og forkøyrsrett frå høgre, og ho brukte retningsviser for å blinke retningen ho skulle. Ho bestod med glans, og snart så kom det grøne sertifikatet i posten, som rekommmandert sending.
Ho var nok ikkje ute og køyrde kvar dag, men ho køyrde arbeidsfolk , maskiner og utstyr, var og såg på arbeid, laga anbod og skreiv rekningar.  Det vart vinter og isete vegar, når ho måtte ha på kjettingar på smale ubrøytte bygdevegar. Det vart kveld, og det var mørkt .Kva tenkte ho, der ho for, og lysa frå bilen sveipa over vegen framfor ho?  Ho hadde seks ungar i alderen 12 til 2 som venta heime, det var arbeid som skulle gjerast når bilen svinga opp foran huset. Var ho nokon gong redd for å ikkje kome heimatt til dei? Om ho ikkje var ute og for kvar kveld, var dette plutseleg vorte ein del av kvardagen hennar. Ho måtte halda hjula igang.
Litt hjelp hadde ho heime. Fleire eldre søskenbarn på farsida var av og til og hjelpte til, men mykje tok ho sjølv, og noko la ho på dei eldste av borna. Kledsvask og matlaging, oppvask og golvvask, barnepass og handling, alt gjekk sin gang.
Etter eit par år selde ho bedrifta til Alf Fyllingen. Ho tok seg arbeid på Handelslaget på Leiknes om sumaren, og prøvde å bygge opp bensinstasjonen, så ho kunne ha ei inntekt av han. Ho trefte Sigmund Husdal, som bora  etter vatn til nyeskulen på Leiknes, og dei gifte seg våren 1961. Livet gjekk over i ei ny fase.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar