.Der fins en evighet av fred bak alle stjernene et sted. (Inger Hagerup )


 Nå er den hellige time

Vi står i stjerneskinn
og hører klokkene kime
Nå ringes julen inn (Eivind Skeie )


  -Dei fylgde stjerna.
Desse orda frå juleevangeliet var ein del av barnelærdommen. Me hadde juleevangeliet i lekse før kvar jul, og me lærde julesangar, der me og song: - "Stjerna leidde sant og visst, vise menn til Jesus Krist. Me hev og den same stjerna, vil me berre fylgja gjerna, fører ho til Jesus fram". Og me visste, og fekk oss fortalt at det som leidde oss til Jesus Kristus, var Guds ord, Bibelen.

Ute hadde me stjernehimmelen.  Var det opphaldsver om vinterkvelden, skein det stjerner. Dei var fylgjesveinar når me var ute og gjekk, blinka til oss, og lyste opp vegen, saman med månen. Stjernene var våre vener. Det var ingen skodde som skygde for dei på landsbygda.

 Av og til var det stjernerap, og ei stjerne for over himmelen, og vart borte. Ho døydde. No døydde det eit menneske, sa me. Det hadde vi vel fanga opp frå HC Andersens juleeventyr Piken med fyrstikkene.
Karlsvogna, Mjølkevegen, Orions belte var store stjerneteikn ein såg, og ei lysande stjerne som skein for seg sjølv måtte vera Betlehemsstjerna, det var vi overtydd om.

 


Juletreet hadde stjerne. Då eg var liten, var ho av glitter, og pynta toppen av treet. Ho lyste og skein, og minna om jula då Jesus vart fødd. Så kom dei elektriske lysa, og så fekk vi stjerne av plastikk i toppen av treet. Då måtte vi skjera toppen av treet, for inni stjerna skulle det vera plass til eit av dei elektriske lysa.  Den første stjerna var av kvit plast, og såg ubetydeleg ut når du feste ho til lyset, men når lysa vart tent, så lyste ho vakkert i toppen av treet. Etter kvart vart stjerna i toppen i fleire fargar, og stråla endå bjartare for barneaugo våre.


Adventsstjerna var først av papir, og for dei som hadde lyspære inni,  måtte ein passe godt på, for vart papiret for varmt, så kunne det fata i papiret, og ein kunne få brann.
Men også her vart stjerna utvikla, vart av plast, lyspæra vart bedre beskytta og sjølve utforminga vart meir fancy, eller vakrare enn før.



Stjerna formidlar  så mykje : lys, tryggleik,  venleik.
- En stjerne lyser i natt...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar