Minner om juletreet og pynten. Kva symboliserer treet og pynten?

 " Du grøne glitrande tree god dag, velkommen du som vi ser så gjerne
med julelys og med norske flagg og høgt i toppen den blanke stjerne! "

                                                               ( Fotograf Tomas Eikrem)

Juletreet var kortreist. Anten fann du det på eigen tomt, eller du fekk hogge eit hjå naboen. Det var ikkje noko særleg seremoni med å finne det. Som oftast hadde far sett det ut, eller han tok seg ein tur ein av dei siste dagane føe jul. Treet vart sett i vedskjulet, og der fekk det stå å renne av seg is, snø eller regn.  Formen kunne variere, frå langt og smalt, til meir rundt nederst og smalare øvst. Treet vart
hogge til for å passe til foten, og etter dei elektriske lysa kom i hus, vart toppen kutta for å passe til stjerna. Nokre gonger var det gran, andre gonger furu. Det hefta ikkje. Eit juletre var eit juletre!  Dei første åra pynta mor og far det, seinare vart det eit fellesarbeid. Vakkert var det kvart år, for oss borna, når det stod pynta, glitrande og skinande med alle lysa tent! Jula kunne begynne!

Julepynten var variert. Norske flagg var viktig i tida etter 2. verdskrigen, og glitter var i byrjinga gull eller sølvstrimler, seinare meir likt det vi har i dag. 
       

 Kulene var verdifulle, laga av knuseleg materiale, og mang ei av dei vart øydelagt av ivrige barnehender, som skulle vera så forsiktig, så forsiktig. Ei katastrofe kvar gong. Stor var gleda den gongen mor hadde kjøpt knusbare fuglar med vele, som forsiktig vart plassert på treet. Eg kunne ikkje sjå meg mett på dei. Enno 65 år etter, kan eg enno kjenne gleda, og vernar om den eine som var arven min då den mest verdifulle julepynten vart delt etter mor. 


Så var det den heimelaga pynten, som vart laga både på skulen og heime. Stikkordet her var glanspapir, saks og kveitemjølslim.  Me laga lekkjer, og etterkvart som ungeflokken voks, vart det mange meter med dei små samanlimte rundingane.  Fargerike, i gul, blå, grøn, raud, svart og kvit måtte dei vera ein del av julepynten kvart år, sjøl om eg etterkvart mistenkte mor for å rydde unna og kaste det som var mest mislukka. 

Me fletta korger, og laga korger av rundingar som vi limte saman, og alle måtte ha hanker. Vi laga kunstferdige lykter, og prøvde oss på fuglar og englar, sjølv om ikkje alt var like vellukka, og etterkvart roleg forsvann etter første julepremieren. Fine glansbilete av englar hengde me opp, eller limde dei på korgene
                    

Dei første åra gjekk me kring juletreet. Dokker og bamsar var med for å få ringen slutta.  Me song dei gamle songane som me hadde lært på søndagskulen og skulen, og det skapte høgtid.

Det er mykje med juletreet som er symbolsk. Noko av dette visste me, andre ting har eg lært som vaksen:
 Valet av grantreet er ikkje tilfeldig Det er eit tre som står grønt når alle lauvtrea er nakne. Det står som eit symbol på det evige livet som Jesus har lova menneska. Det viser at dei som tek imot han, skal få vere saman med Gud for alltid, etter døden.
Pynten har symbolsk betydning. Sist skreiv eg om stjerna, som symboliserte Guds ord som leidde til Jesus Kristus.
Lysa på treet er symbol på Jesus som verda sitt lys. Jesus er eit slags lys som viser kven Gud er, og kva Gud vil.

Englane minner om englebodskapen på Betlehemsmarka: -Det er i dag fødd dykk ein frelsar.
Korgene vart i den første tida fyllt med gotteri eller frukt. Det er eit uttrykk for at Gud vil at menneska skal ha mat nok. Herifrå har vi vel også uttrykket : hauste juletreet.
Juleklokker minner om kyrkjeklokkene som ringjer inn jula, og byr inn til kyrkja for å høyre evangeliet om at Jesus, frelsaren er fødd.

Her er noko meir eg fann då eg "googla" julepynt :
Kulene som vi heng på treet symboliserte opphavleg jordkloda. I gamle dagar var julekulene tynne og skjøre og laga av glass. Desse skulle minne oss om at jordkloda  er skjør, og at vi må ta godt vare på ho.


Papirlenkene på treet skulle symbolisere eit vennskapsbånd - alle på jorda høyrer saman.Menneske av ulik rase og hudfarge er brør og søstre.  Jesus er for alle. 

Etter andre verdenskrig blei det veldig populært å pynte treet med det norske flagget. Mange vaksne fekk på den tida ein  trong til  å vise at Noreg var blitt sjølvstendig.

Før juletreglitter blei oppfunne pynta dei med ein type hengelav som heitte huldrestry. Dette skulle minne oss om openberringa frå Gud.  Glitteret  skal henge som strålar ned frå stjerna.

                                      "-når stjernen skinner om han oss minner vårt juletre . "

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar