Adventstur til bydn


No tar det omlag ein halv time frå Leiknes til Bergen. Du reiser når du vil, og inntil for nokre dagar sidan var det kostnadsfritt, utan bompengar.
Då eg vaks opp, var det ansleis. Anten var det bil eller rutebuss til Isdalstø, 20 minuttar ferje, og biltur inn til Bergen over Hedlesneset og Sandviken til Bergen sentrum.  alternativt kunne du ta rutebåten, som kryssa fram og tilbake i Osterfjorden, og tok på og sette av reisande og gods på sin veg til og frå Bergen. Turen tok eit par timar, alt etter kor mange stoppestader det var.

Det var slik at kom du forseint til båten, så kom du deg ikkje til byen den dagen, og måtte venta til neste dag. Men dei fleste var ute i god tid, og dersom nokon var øverst i Nøstkleivæ som bar ned til kaien når båten la til, så var det visse prosedyrer som skulle gjennomførast, med postfunksjonær, passasjerar som skulle av og på, og mjølkespann og anna gods som skulle ombord. Båten venta og nokre minuttar om ein bad om det. Som oftast var ungane sendt i førevegen, og bad tynt for mor og far. Tida var meir tøyeleg den gong.
Etter vi flytte til Flossvik, såg vi båten på fjorden, og visste sånn omtrent når det var høveleg tid å gå for å koma tidsnok.
Ein tur til bydn før jul vart det for dei fleste, og vakse folk hadde med både rypesekk, koffertar , vesker og nett for å få plass til handlinga. Båten var ikkje noko særleg pynta om du reiste i advent, for det var jula som var høgtida, ikkje advent.
Om bord i båten helsa du på kjentsfolk, og prata med folk du ikkje hadde sett på ei stund. Dei mest bemidla kjøpte seg kaffi og mat hjå trisa, medan vi andre  åt medbrakt niste. Dei vaksne hadde kaffi på termos, som ikkje var uknuseleg, og det kunne verta ein liten katastrofe i veska om han gjekk sund. Kaffi med fløyte og sundslegen termos måtte fjernast.  Me ungane hadde med saft, og ein sjeldan gong brus, kjøpt på butikken dagen før, for det var billegare enn på båten.

Slaktehuset  i  Sandviken var fast stopp, og nokre rautande beist gjekk si siste reis i møte, nokre stillteiande, andre rauta høgt og protesterte på ferda. Det hende ein okse eller gris sleit seg laus og sprang for livet gjennom Sandviken, med mannskap og slaktaren i kvitt  forkle med blodige flekkar for i fullt tan etter.

Så kom vi til Bryggen, der resten av  passasjerane gjekk i land. No galdt det å bruke dei nokre timane til vendereis vel, og for dei vaksne var handlelista lang. På den store opne plassen inst i Vågen stod torghandlarane og baud mellom anna fram fisk, egg, frukt og juletre. Vi ungane syntes det var rart at nokon selde det. Det stod jo på tomten, eller vi fann eit hjå naboen. Men slik var det ikkje i bydn! Der måtte ein kjøpa.

Dei to store handelshusa Kløverhuset og Sundt hadde juleutstilling, så dit måtte vi ungane alltid. Kløverhuset hadde si utstilling mot Vågen, medan Sundt hadde si  mot Strandgata. Dessutan hadde Sundt julenisse i 3. etasje, og han tok ungane på fanget og spurde kva dei ynskte seg til jul. Det var litt skremande, så mange strileungane nøydde seg med å sjå på vedunderet. Men vi hadde jo sett han, og  så fekk vi kjøre rulletrapp! Det var artig. Julegåvene var dyre her, så det vart helst med å sjå. Men mor kjøpte ofte tøy til å sy juleklede av.

Dei vaksne hadde sitt å handle inn, og skulle innom på Basaren for å kjøpe kjøttpålegg, som slaktarane skar opp medan du såg på, og pøkser og anna godt til jul.  Men sjølve pinnekjøtet hang trygt attmed skorsteinen heime. Alt var ikkje betre i bydn!

Eg var ofte innom Madsen bokhandel på Bryggen, og kjøpte glans, papirdokker  og fargeblyantar som julegåver til sysken. Mor var ein tur innom Friele i Kong Oskars gate og kjøpte seg nymalen julekaffe, og innom grønnsakbutikken på Bryggen, der ein kjenning frå nabogarden arbeidde, og kjøpte appelsiner og eksotiske grønsaker som selleri, persille og purre.
Med fullt av pargas kom vi ombord i båten, som tok til å fyllast.  Me fann oss plassar, tok fram Donald, gnav, fargebok og blyantar eller ei medbrakt bok, medan mor skunda seg på land for å gjere unna det siste på handlelista. Ho kom vel ofte over landgangen når kapteinen ringte for tredje og siste gang, og me  ungane hadde vondt i magen av frykt for om ho klarde å koma tidsnok denne gongen og.
Så senka roa seg. Båten stemnde ut Byfjorden og forbi Hedlesneset, sjela til mor nådde henne att,
vi ungane åt resten av nista. Billetøren kom,  med uniformshuve og veske på magen, og kravde betaling. Mor fekk raude, grøne og orange bilettar, som ho tok vel vare på. Ho fann nokon å prata med, og  strikketøyet kom fram. Vi ungane utforska båten, gjekk opp i salongen  oppe, var på do og stod ute og kjende vinden ruska i håret.  Båten bles i fløyta, mor samla saman pakkenellikar, og me fekk vårt å bera.  Så la dampen  til kai på Leiknes.  Mor leverte bilettane, og vi gjekk over landgangen. Borte godt , men heime best!







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar