Stabbesteinar


Det hende at folk var uenige i gamle dagar og. Ein  kunne argumentere og motargumentere, utan å verte einige. -  Han va kje te å rikka. Han va so ein stabbestein! Om ei var heldig, kunne ein bruke eit munnhell frå i dag:   - Me vart einige om å vera ueinige! Om ein var uheldig, gjekk ein hovudrystande frå kvarandre.




Ein stabbestein var ein stor jordfast veikantstein, seier leksikonet. Det var ein omfangsrik stein sett opp i vegkanten der det var bratt på sida av vegen, for å hindra at køyretøy hamna utfor.
Stabbesteinar var ein del av vegsikringa, autovernet på den tida.
Det var stabbesteinar overalt der bilar eller hest og kjerre kunne køyra utfor. Tångabrekka, Sudmannskleiva, ved Myramannen, Apalen, ..  Ja, du kunne ta for deg vegen, og finna stabbesteinar overalt.
Tokagjelet
Då far køyrde den lange turen til Ålesund, Lillehammer og heimatt om Hardanger, var stabbesteinar den vanlege vegsikringa, anten det var ned Stalheimskleiva, gjennom Måbødalen eller gjennom Tokagjelet. Merk deg at i dei tider, for 60+ år sidan, var vegane utanpå fjellet, ikkje gjennom tunellar som no.  Du såg djupt ned om du sat på yttersida. Stabbesteinane var vernet, også når to bilar møttest på smale vegar. Ikkje alle torte å sjå ned om dei sat på yttersia.
Måbødalen
Stabbesteinar var store og tunge. Gutane prøvde å rikke på dei,For det var karsverk å få dei til å flytte på seg og få dei utfor vegen. Men dei lykkast ikkje.  Stenen var sett ned, og han stod. Mosegrodd, røfft uthogd for å vera der han var, eit skilje mellom vegen og brattlendet nedanfor.
Mannen min likar å køyre smale vegar. Vi tok ein gong av frå E39 og reiste om Modalen på veg heim til Lindås. Vi stoppa ein stad på den smale vegen. Det var bratt ned til fjorden, langt ned, og fantasien min drog meg mot stupet. Autovernet var nokre stabbesteinar. Biletet set i meg enno, 15 år seinare. Eg syntest ikkje stabbesteinane var trygge nok, og var glad då me køyrde vidare!

Men du kunne gå på utsida av stabbesteinane, og sjå kor langt du kom før du datt ned, eller måtte gi opp fordi det ikkje var plass på yttersida. Du kunne klatre opp på nokre av dei det var plass på toppen, og vagle deg til og kjenne deg stor, men  me hoppa snart nedatt når me såg kor høgt det var ned til bakken.
Ein og annan syklist med for stor fart ned ein bakke med grusveg, kunne koma ut i grusen og få eit ublidt møte med ein stein, og måtte plastrast og halde senga med hjernerystelse.
Far kom heimatt eit par gongar når det hadde vore glatt føre og sa:- Hadde det ikkje vore for stabbesteinenane, hadde bilen glide utfor!
I dag er vegrekkverk eit godt og sikkert autovern, ofte laga slik at bilisten blir stoppa og  skadeomfanget redusert. Det er sjeldan nokon køyrer utfor på brattlendte stader.
Men enno står meiningar steilt mot kvarandre, og folk vert ikkje einige. Dei er ikkje til å rikka.  Vi møter nok enno stabbesteinar på livsvegen. Av og til er me vel kompromisslause sjølve og, urikkelege fordi noko er viktig for oss. God helg!






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar