Vegaskifte på Tånjen


Vegaskifte var det lokale ordet for veikryss. På Leiknes hadde vi eit veikryss, det var veikrysset på Tånjen. Vegane gjekk elles beint fram. Dei snakka om eit vegkryss i Hodnesdal, men vegen der leidde ut i ei utmark. Vegkrysset i Hedlesvågen var reelt nok, med vegar til Hjelmås og Sjauset/ Seim og den store verda, men vegaskifte var staden der vegane frå Hopsdal, Hodnesdal, Hillesvåg og kaien kryssa kvardandre.
Vegaskiftet på Tånjen var korsforma. Eg syntest aldri at vegaskifte med tre vegar var det same. Det var meir stas med dei fire vegane.
Det var ingen trekanta varselskilt før ein kom til krysset. Det var heller  veiskilt som viste retninga til dei ulike endepunkt på vegen. Du måtte vita vegen til Hodnesdal.
Når eg hadde vore på besøk hjå kusina mi, som budde i Tångamarka, så var det spørsmål om kor langt ho kunne fylgje meg på heimveg. Oftast var det: - Til vegaskilje.  Når Oddveig var på besøk til meg, var det absolutt lengste eg kunne fylgje henne: til vegaskilje.

Ned til skiljet var det ein liten bratt bakke, på grusveg. Då eg nettopp hadde fått sykkel, og kappsykla med dei store gutane, hadde eg for stor fart og for på trynet på eg skulle svinga mot Hedlesvågen. Eg vart oppskrubba både her og der. Då mor plastra den gråtande jenta  og spurde kvar det var gjort, var svaret : - Vegaskiftet.
Vegaskiftet var ein av dei få plassane som hadde veglys. Ei lampe hang høgt oppe i ein stolpe, og gav sitt dimme lys anten du skulle til høgre eller venstre eller beint fram. Det var eit stykke til neste lys, om du ikkje gjekk ned til kaia.

Frå vegaskiftet og forbi Clementsen var det sementmur, ikkje stabbesteinar. Eg trur det var for at vegstubben vart laga, eller utbedtra etter krigen, til brua skulle opnast i 1949. Oppover Sudmannsbrekka og vidare nordover var det stabbesteinar, så eg trur vegen der var eldre.
Vegen til Hopsdal var opparbeidd 1900- 1915, medan vegen til Hodnesdal var gjort før. Der var det kjerrevegforbindelse til Kongevegen Hillesvåg - Seim, og difor den vesle bygda sitt store mobile kontaktpunkt med verda utanfor.

Men kaia var elles kontaktpunktet. Der var det kai med gamle bildekk som fenderar, og dampen kom minst to gonger for dagen.Skøyter og motorbåtar la  til der. Ja, attmed meieriet var det laga til tropper, slik at robåtar kunne kome inntil både på flo og fjøre. Minne om ei tid då mjølka til meieriet frå Hedlesvågen og kanhende Mundal vart levert med båt.. Dette viste at det var fjorden som var ferdsleåre nr. 1, om ein skulle inn og ut frå bygda.
I vegaskiftet stoppa ein og prata, om ein hadde møtt kvaradre på butikken, og vegane skildes til Øvstegarden og Mundal. Men tid til ein prat hadde ein.
Ungdommane møtte kvarandre i vegaskiftet, dei sat på sementmuren og prata, og gjekk etter vegen saman. Kjærastepar fann kvarandre.
Om vinteren var det ein fantastisk akebakke frå Dalebygden og ned til kaia. Vi starta litt over skiftet, og det gjekk så det susa, særleg med rattkjelke. Ein måtte bremsa, eller gjera ein skarp sving opp til posten.
  Illustrasjonsfoto
På sekstitalet vart det kiosk  like ved sida av vegaskilet, ovafor Betel. Ungdommane samlast der, og kjøpte hot dog, brus og snop. Sementmuren var i flittig bruk, for han var grei å sitje på medan ein fortærte is , snakka saman  eller venta på ein liten køyretur.  Ein del ungdommar vart motoriserte, og  det var mopedar, motorsyklar og bilar som stoppa for eit innkjøp, for å slå av ein prat, eller tok på passasjerar for kortare eller lengre turar. Nokre prøvde/ bytta  mopedar eller syklar, og litt køyreopplæring var det nok rundt vegaskiftet i den tida.  Det var fåe naboar, så ingen reagerte på at nokon rusa motoren, eller at ein brukte fløya eller at det var  skoggerlatter, bråk og uro  frå området.

 I dag er vegaskiftet på Tånjen  ein stad du køyrer forbi på veg til Dalebygden eller Knarvik, ein sideveg fra E39.  Det er godt skilta der, men ikkje midtpunktet i bygda lenger. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar