Møteplass


I dag er møteplass ein stad menneske møtes , og ofte laga til for at menneske skal ha samvær På butikken, på kafe, i kyrkja eller  ute i det fri. Då eg googla ordet, fann eg ut at møteplass var mest brukt om dating, og for dei som hadde slektningar med demens.



Når eg vaks opp var det smale vegar. Det gjekk ein bil i breidda, anten dei kom eine vegen eller den andre. Det var berre plass til ein. Den gongen gjekk vegen inn til Bergen rundt Hedlesneset, og etter det eg kan hugse var det også der berre einfelts vegar. Så når bilar møttes var det å rygge- til næraste møteplass, ei lita utviding av vegen der køyretøya kunne køyre sakte forbi kvarandre. Den som kom først til møteplassen måtte venta til møtande bil kom, og la han køyre forbi. Ofte helsa bilistane på kvarandre med å lyfte hånda i det dei møtte kvarandre.
 Ein av dei viktigaste tinga som du lærte når du lærekøyrde,  var ikkje lukeparkering, men å kunne rygge, slik at du kunne køyre bakover til møteplassen, helst med litt fart. Då kunne du køyre bil. For å kome deg bakover måtte du bruke speila på kvar side av bilen, og var det kinkig, opna sjåføren vindauget og stakk hovudet ut. Ja, han kunne til og med opne døra, snu seg og rygge med  hovudet halvt utanfor bilen.
Far min var flink til å rygge, og ikkje sjeldan stoppa han opp, som før brua over Leiknesvågen , i svingen ved Port Arthur, eller gjennom Hedlesvågen. Ofte la det seg ein støvsky etter han, for han kunne rygge fort på grusvegane.
Då mor lærde å køyre , og kjørte lastebilen etter far var død, så var det å køyre på smale vegar, og rygge når det var møtande køyretøy. Ho vart etterkvart dyktig til å ta seg fram. -Verst var det å rygge med kompressoren bak bilen, sa ho, - men det gjekk seg til det og. Mange vart forundra når dei såg det var eit kvinnfolk som køyrde, og attpåtil rygga!
Møttest bilar i tunnellar, var det sjeldan møteplassar inni dei. Ein måtte rygge. Det kunne vera eit stykke, så det var ikkje heilt lystbetont. Det vert fortalt at ein buss og personbil møttes midt inn i gamle Furubergtunnellen:

 Han med personbilen tok opp avisa og starta å lesa. Han som køyrde bussen åt opp nisto si. Deretter gjekk han bort til personbilen og banka på vindauga og sa: - Når du er ferdig med avisa, kan eg få låna ho?

Eg las historia i ein kommentar til eit bilete av Furubergtunnellen, og der var begge sjåførane namngjevne. Kven som gav seg, fortalde historia ikkje.
Møteplassane etter vegen  er nesten borte no, for vi treng dei ikkje lenger. Me har to- og firefelts vegarmed gul midtstripe. Det er sjeldan me treng å rygge, og mange bilar har ryggekamera med raud strek som fortel når du er ca. 10 cm frå ein bil eller vegg. Ferdigheiter som før var viktige, er ikkje lenger nødvendige. Livet går vidare.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar