Globalisme


På veggen framfor tavla hang det kart. Over Noreg, Europa, Asia og Afrika. Ja til og med over Amerika og Australia var det kart, men dei var sjeldan framme. Inne på det kombinerte lærarommet, bibloteket og lageret var det ein globus. Han tok læraren fram av og til, minna oss om vikingane som trudde jorda var flat, og var redd for å segle utfor kanten, og snurra rundt globusen, let oss snurre, og viste også at Kina var på andre sida av jorda. Me hadde jo ordtaket om at grov du langt nok ned i jorda, var du halvvegs til Kina. No såg me det var langt dit!

Elles var oppveksten min like etter krigen, og då galdt det å bygge oppatt Noreg. Parolen var å produsere norsk, kjøpe norsk og bruke norsk. Vi var stolte over norske produkt, og leste gjerne om norske syklar, bærtre og ski, og at vi også eksporterte norske varer  til utlandet.  Ja, klippfisken vår vart sendt like til Spania, der dei var så  annsleis at dei fasta frå kjøt. godt for oss nordmenn. 


Vel kjøpte me nokre varer frå utlandet, og det kom alltid ein båt med bananer, med appelsiner og tomatar, men noko stor import var det aldri.

Bistand til andre var misjon, der innfødte i Afrika og Asia fekk høyre evangeliet, var omvendte og fekk det mykje betre. Dei fekk klede på kroppen, lærte å lesa og skrive, og var på gudsteneste kvar sundag.
Vi trudde at landegrenser var av det gode. at det var bestemt av Gud at folk skulle bu i nasjonar og ha nasjonalstatar, der språk, religion og kultur var viktige kjennemerke på kven som høyrde til innanfor grensene til eit land. At nokre land hadde fleire språk og ulike kulturar var ikkje så viktig, den bærande kulturen vae den toneangjevande. Samar, finnar, romani og kvenar måtte bli norske, for norsk var kulturen vår.

Sjølv om eg ser at vekta på det norske var overbetont, så klarar eg ikkje å fylgje globaliseringstanken som legg vekt på at politikk og næringsverksemd skal være overnasjonale og rette seg etter eit maktsenter som er antinasjonalt, men dominert av ei makt.
Vi kan ikkje snu tida tilbake til like etter krigen, me eg trur at tanken om større grad av  sjølvforsyning av mat, medisin og eiga arbeidskraft må få feste i tankegangen på ny.
Ein bør i større grad støtte opp om norske bedrifter og feriere i Noreg. Ein må hjelpe sine eigne først, og vite at vesle Norge ikkje kan hjelpe alle og dele ut milliardar til all verdas gode formål.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar