Onkel Hilmar og tante Jenny
Sang av tante Jenny Onkel Hilmar var eldste bror til bestefar på Hjelmås. Dei fann seg begge koner frå nabobygda, som ikkje var så rart, for skogleies forbi Sandvik var det ikkje langt over til Eikanger, og eg trur det var like enkelt å ta dampen frå Eikanger som frå Hjelmås. Konene var systrer, så Brita gifte seg med bestefar, og Jenny gifte seg med Hilmar. Han tok over heimegarden på Hakset, medan bestefar dreiv garden på Eikanger nokre år før han og familien flytte til Hjelmås. Me er såleis dobbelt i slekt med folket på Hakset. Dei var tante og onkel til far, men vart sjølvsagt også tante og onkel for neste generasjon. Garden Hakset låg høgt og fritt, med utsyn over bygda. Det skal ha vore gardsbruk der lenge, mellom anna fann eg han ikkje var øydegard i 1520, då både Sandvik og Øvstegard va...