Naust og båt

                                                    ( Wikipedia)


Alle bønder og fiskarar hadde naust. Korleis skulle dei elles koma seg på fjorden? Fjorden var ferdsleåra, og der fann du matauk. 

Naustet stod som regel inne i ei lita vik, litt i ly for været. Det var plass til ein eller to båtar. av og til hadde to naboar naust i lag.  

Nokre hadde naust både i vatn og ved sjø. Det var og vanleg å låne båt om ein skulle ut og reise. Såleis fortel Gjertrud  Helland om ein tur til Hamre kyrkje ein nyårskveld, der dei ikkje kunne bruke båten frå eige naust  på grunn av at kulden hadde lagt is over Hjelmåsvågen. Då gjekk dei over Sandvikavatnet og til Fyllingsnes og lånte båt der.  (Mimra 2007)

Får min hadde motorbåt, men selde han for å finansiere huset han bygde då han gifte seg. Seinare hadde han ikkje båt, men brukte bil.  Derfor hadde me ikkje båt før Sigmund kom inn i familien. Då var eg nesten vaksen, så eg hadde lite erfaring med robåt. Dei gongene eg prøvde meg, vart det krokete roing og lang fjord.Så mitt møte med nausta var mest utanfrå, som leikeplass, eller som utgangspunkt for leik og bading. Men besteforeldra mine hadde naust i Leiknesvågen, og dei brukte han for eksempel for å ro til Hjelmås. Det var kortare med robåt enn til fots.  På Mundal hadde dei naust, og der hadde vel også Hopsdal nausta sine. 

Kva er så eit naust ? På Wikipedia les me: Eit naust er eit sjøhus for å ta vare på båtar og fiskereiskapar. Dei ligger nesten alltid med eie gavlen mot sjøen  eller vatnet  Den sjøvendte gavlveggen har ei  stor dør med plass i breidda til båt.

 Tradisjonelle naust i Norge ikke lege direkte ved sjøen, men gjerne noko over flomålet. Bygga har gjerne god lufting for at båt, garn, not, line og snøre skal kunne tørka innandørs. Dei har nesten aldri plankegulv, men har golv som ein del av stranda, eller eit framhald av stranda, som altså sand-, stein- eller jordgolv. Dette tyder på at naust er hus som er bygd over øvre del av eit  eksisterande båtstø.

De fleste naust har altså eit båtstø, i form som eit skråplan, ned mot sjøen. Dette er et ryddet område mellom naustet og sjøen eller vatnet, og fungerar som landingsplass og glideflate for båten for å lette arbeidet når båten skal inn eller ut av naustet.


                                                            ( Wiki)

Oppbyginga var enkel. På våre kantar var det som regel ein grindkonstruksjon Reisverket er sammensatt av grinder som er like høge som naustet. Ei grind består av to staver, bundet sammen med ein bete eller tverrbite. Grindene står etter hverandre i naustet, med noen meters mellomrom. Konstruksjonen er avstiva med skråband og sammenføyd med trenagler. I lengderetningen ligger raftehalden, som i tillegg til å halde sperrene, også bidrar til å binde sammen grindene   

Grindkonstruksjonen har i nyere tid bare vært brukt til uthus som ikke trenger oppvarming, og der det kunne vera gode tørkemuligheiter, for eksempel for nøter og båt.

Taket på grindnaust var gjerne tekket med tro, never og torv. Det var også vindskier og torvvol. Gamle torvtak har blitt skiftet ut med nyere takkledning; takstein av tegl. Ytterveggene var gjerne kledd med stående bordkledning. ( Så lang Wikipedia)

Ut mot sjøen var det, med lunnar til å dra opp båten på. Naustet låg over flodmålet, god over, slik at springfloa ikkje skulle nå opp. Det hende likevel at floa nådde opp, og at sjøen stod inne i naustet. 

Folk brukte båten når dei skulle til kyrkje, og det var skikk at  dei som las for presten rodde frå bygdene sine. Presten vart rodd over fjorden, og reiste vidare med hest. 

Men etterkvart som motorbåten kom, vart det sett opp skyss med han.  Eg fann ei forteljing  (   Mimra 2015 )om fjerdingsmerkje mellom Bolstad og Bergen. Det hadde seg slik at vossingane måtte på fjorden for å nå til Bergen. Dei reiste då frå Bolstad, ut i Sørfjorden og ut i Osterfjorden og vidare til Bergen. Dei kunne bruka segl, men ofte måtte dei ro. Dei hadde då fjerdingsmerkje, som var omtrent 2,8 km. Dei visste då kor langt dei hadde kome, der kvilde dei litt, og bytte ved årane . Dette er ei liste frå 1796 over fjerdingsmerkja,  24 i talet. Ei enkel hovudrekning seier at dei lite båtvandte vossakarane rodde  i underkant av 7 mil, etterat dei hadde ridd eller gått frå Voss og til Bolstad.


Imponerande, spør du meg!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Håkjerring i Osterfjorden