Avfallshandtering før og no

 



Blikket fer omkring på kjøkkenet, og fell på boksar for rest, mat plast, papir , metall og glas. Ute på gardsplassen står det nesten like mange søppelkontainere, og i tillegg ein liten for farleg avfall. Eg sorterar og sorterar, så klima må vere fantattisk over Hedemarken. 

Så tenkjer eg snart 70 år tilbake i tid- til avfallshåndtering, eller "bøs" på ein liten stad inne i ein fjord på 50-talet. 



--Du får gå ut med katten med dette, sa mor og samla saman slog, bein og restar etter fiskemiddagen. Han åt og var glad til, utan anna tilsetjing av mineralar og vitaminar. Men fekk han mykje fisk, vart han blank i pelsen.  Matavfall fekk grisen, katten og hunden. Katten og hunden fann seg mus til attåtnæring, og katten tok fuglar, utan at nokon ringde Mattilsynet på grunn av det.  Me jaga katten om me såg fangsten, men det var no ein gong slik livet var.


 

Far grov ned "bøse", som søppelet heitte. Det var eggeskal, hermetikkboksar, glas og anna emballasje, men plast var enno ikkje i bruk.  Men eggeskal kunne vera tilskot til plantane, hermetikkboksane kunne brukast til bærplukking, til spikrar og verktøy, og glas vart bruka til syltetøy, til blomsterpotter og til oppbevaring i  hushaldningen. 

Gjenbtuk var eit must etter krigen, og ein såg seg mun i det meste, og brukte det både ein og to gonger før sakene enda i bøset. 

Når ein grov ned avfall, måtte ein grava djupt, slik at ikkje mus, rotter og rev tok til å rota i haugen. neste gong ein grov ned, grov ein attmed, slik at " bøse" skulle få tid til å rotne.

Dei som budde attmed sjøen og det var bratt utfor, kasta nok ein del søppel til sjøs, der det sokk til botnar. Sume stader kunne du sjå hermetikkboksar og anna når du rodde over, og det var still sjø. Men strendene var reine, anna enn eit og anna tauverket som dreiv i land frå båtar. 

Aviser og konvoluttar vart brukt til kveiksel, og konvoluttar like så. Det var god unnabretsel for småveden, og det fata godt. 



Far og mor brende " bøs" . Det kunne vera papir, vekeblad, øydelagde kledeplagg, oppsop frå garasjegolvet og det dyra ikkje åt. - Har du brent i dag? kunne naboen spørje om angen etter dei gamle ullfillene hang att i lufta og brann i nasen. Brannstaden for rusk var ofte morosam for oss ungane å forske ut og rote i restane, og der fann me ein Hansakork eller anna som elden ikkje hadde brunne opp. Helst skulle me bruka ein pinne til å rota med, så me ikkje vart sotete. 

Graset var til dyra, men skrapslått kunne ein leggja rundt bær- og frukttrea, som gjødsel. Greiner vart bruka til kvistved, og resten lagt i ein haug i ein krok av tomta, så kunne det etterkvart verte til jord det også. 

Mange fann ein stad der det var eit bratt stup utfor vegen, og der hende det at det vart kasta ned gamalt husgeråd, restar etter husavøle, gamle og utlevde madrasser, utlevde divanar og stolar. 

No er det blitt annleis. Det lokale renovasjonsselskapet har sett seg som mål å vere best i klassen. Kjem du innom, heng dei nesten over deg, og sørgjer for at plast, isopor, gamle strandstolar, målarkostar og elektrisk materiell kjem på rett plas. Alt for miljøet! Eg har snart svart belte i søppelsortering!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Håkjerring i Osterfjorden