Iddvarten (Onkel Edvard)




 Bestefar på Hjelmås hadde to brør. Hilmar var eldre, og Edvard var yngst. Dei vaks opp på Hakset, Hilmar tok over garden. Bestefar budde først på Eikanger, og flytte så til Hjelmås. Han og Edvard arbeidde saman om eit lite kraftverk på Eikanger, og seinare begynte Edvard å arbeide i kraftlaget, og vart den første autoriserte elektrikaren i området. Han busette seg midtvegs mellom Grova og Apaltoppen, som den einaste der, på ein stor tomt som etterkvart vart planta til med mange ulike frukttre og bærtre. 

Han gifte seg tidleg, og fekk ein son. Kona hans døydde snart frå han, og sidan Edvard  var avhengig av arbeidet sitt, og drog over heile kommunen, så vaks sonen, Håkon, opp hjå morsfolket sitt i Skånevik. 

Edvard la opp det elektiske anlegget i mange nybygg, mellom anna i det nye huset vårt på Flossvika.  Iddvarten,  som han heitte på folkemunne, var kjent i bygdene, og la opp elektriske anlegg, skifte støpsel, ordna ein ekstra kurs, la inn elektisitet i fjøset og skifta ein utelampe.  Han fekk seg tidleg bil, og han var kjent der han for fram.  

                              

                     Onkel Edvart fremst på første bildet, og til høgre på det andre

Han var far sin onkel, men vart onkel Iddvart for neste generasjon og.

Han og far var gode vener, og dei var mykje saman. Dei gjorde bytingsarbeid for kvarandre, som var vanleg i dei dagar. Han og far drog på ferie i lag, så me var i lag på turen til Hardanger og Fyksesundbruai 1954, der me reiste gjennom Tokagjelet og Norheimsund. Familien min sov i bilen, og Edvard og Borghild sov i telt. For Edvard fekk seg etterkvart husholderske, og sonen flytte heim att. Så gjekk det som det ofte går, han gifta  seg  med henne, og tante Borghild vart ein del av familien.  Ho var alltid hyggeleg når me kom innom, og det vanka ofte bollar, kaker og kakao. 



Me var ofte innom dei når far tok Opel Blitz og tok oss ungane med på søndagstur.Det gjorde han ofte sundag formiddag, så fekk mor ei fristund og fred til å laga sundagsmiddag. På turen kunne me reisa til bestefar, til Hakset eller til onklar på Eikanger, og me kunne stoppa på Apalen hjå onkel Edvard. Elles hadde dei jo ein stor og rikhaldig hage, og me fekk gå ut og finne oss eple, pærer plommer og bær i sesongen, og me fekk ofte ein pose eller kasse med heim.

Dei hadde også ein tosetars utedo, og der var det rikeleg med gamle vekeblad. Då eg vart gamal nok til å lese novellar, tok det si tid å verta ferdig der. Ein gong var slutten borte, og det var ein liten tragedie.  Men det hende far måtte ropa både ein og to gonger når me skulle heimatt.



Då far døydde, var Edvard ein av  dei som ofte var innom. Kanhende fordi han visste kva det var å miste ein ektefelle. Mor sette stor pris på at han kom innom, kanhende på veg frå eit arbeidsoppdrag til eit anna, sette seg ved kjøkkenbordet og drakk kaffi.  Han hadde ein litt sarkastisk og sjølvironisk humor, der han lo og laga moro med ting som hende. Me ungane lika at han kom, og syntest det var stas. Dei yngste sat på fanget, og me eldre lydde på samtalen mellom dei vaksne. Ei lita farserstatnig, ei tryggheit og ei visse om at om far var borte, så hadde ein familie som brydde seg!

 Første julehelga etter far var borte, vart me bedne til Edvard og Borghild  2. juledag, mor og 6 ungar. Me fekk julegaver, svinesteik og dessert , og kaffi og kaker. Enno eit minne om omsorg for dei som hadde sakn!

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Håkjerring i Osterfjorden