Onkel Hilmar og tante Jenny

 

                                             Sang av  tante Jenny

Onkel Hilmar var eldste bror til bestefar på Hjelmås. Dei fann seg begge koner frå nabobygda,  som ikkje var så rart, for skogleies forbi Sandvik var det ikkje langt over til Eikanger, og eg trur det var like enkelt å ta dampen frå Eikanger som frå Hjelmås. Konene var systrer, så Brita gifte seg med bestefar, og  Jenny gifte seg med Hilmar. Han tok over heimegarden på Hakset, medan bestefar dreiv garden på Eikanger nokre år før han og familien flytte til Hjelmås. Me er såleis dobbelt i slekt med folket på Hakset.  Dei var tante og onkel til far, men vart sjølvsagt også tante og onkel for neste generasjon.

Garden Hakset låg høgt og fritt, med utsyn over bygda. Det skal ha vore gardsbruk der lenge, mellom anna fann eg han ikkje var øydegard i 1520, då både Sandvik og Øvstegard var det. Det er ein av dei to stadene i gamle Hamre  der det skal ha funnes ein bautastein på ca. 2 meter, men både steinen og innskrifta har gått tapt. 



Hilmar og Jenny dreiv etter den tida ein stor gard, både Hakset og Nordale, etter det eg hugsar. og hadde mange dyr. Hilmar dreiv godt, og hadde den største garden i bygda, eit mønsterbruk etter den tids standard. Han hadde to hestar, 12 kyr på det meste ( og det var mange i dei dagar), og han hadde avlsoksen for Raudt fe  på Hjelmås. Onkel Erling hjelpte til i slåtten under krigen, og han skrytte av maten, av Hilmar, Jenny og Einar, av omtanken dei viste han og behandlinga han fekk som ung arbeidskar. 

Dei hadde slåmaskin, og fekk seinare traktor.  Dei var engasjert i kristent arbeid, og tok del i både indremisjonsarbeid og diverse ytre misjon, og gjekk mykje i bedehuset på Sandvik.  Dei hyste predikantar, og tok del på stevner i den grad dei kom laus frå gardsarbeidet. 

Jenny skreiv dikt, og ho laga prologar og skreiv songar. De som står øvst, fann eg då eg leita etter stoff til bloggen. Du finn heile songen på https://eikangerbygda.blogspot.com/?view=flipcard

Far til Hilmar, Erik Hagesæter, gifte seg oppatt med nabokona, Maria, som hadde vorte enkje, og flytte nokre hundre meter ned i Grasdalen for å hjelpe henne med garden hennar, som skikken ofte var. Difor hadde far min og brørne hans mykje omgang med folket der, også etter at bestefaren døydde. 

Etterkvart vart far til Jenny, Knut Eikanger,  enkjemann, og budde mykje på  Hakset. Han brukte hakke, spade og spett då han braut 7 mål nybrot på garden frå han var 85 til han var 90.år. ( Mimra 2006 s.62f.)

Då  Hilmar og Jenny dreiv garden, budde dei i søra stova i gammelbygningen på Hakset, men då¨sonen Einar tok over, bygde dei seg nytt kårhus lenger sør på Hakset, med fin utsikt over Sandvikavatnet og bygda. Eg hadde mange turar og besøkte dei, både med far når han køyrde sundagsturar og sat i stova og prata, eller hadde arbeid der. Seinare sykla eg fra Leiknes og  gjennom Stegalia for å besøke dei.  Det tok vel ein og ein halv time, tenkjer eg. Den siste bakken opp til Hakset var tung, men trøysta var at det gjekk fort nedattpå storvegen. Det nye huset deira var i to etasjar, moderne etter tida, med kjøkken og stove nede, og soverom oppe. 

Eg var alltid velkommen når eg kom, og det vanka oftast noko godt, som vaflar eller kakao. Tante Jenny hadde tid å samtale, og me prata om laust og fast. Av og til kom barnebarnet hennar, Bente, innom, og me leika saman. 
                                            Jenny bak til venstre. Edvard framme til høgre


Tante Jenny dreiv ei  barneforrening, og eg lurar på om også ho arbeidde med yngres ein periode. I alle høve kan eg hugse at eg var med på eit av forreiningsmøta, og broderte på eit eller anna. Det var artig, for det var mange ungar der, og me dreiv med ulike typar handarbeid, prata og skøya saman og hadde ei fin tid. Barneforreninga hadde basar på bedehuset, og folk kjøpte lodd både der og på bøkene som vart sendt rundt i bygda.

Jenny viste omsorg for familien, og fylgde med kva som hende. Syster mi fortalde at då ho gifta seg, fekk ho ein hekla duk og eit brev der ho ynskte lykke til og gav eit par gode råd til den unge nygifte kona.

                                                 Tante Jenny. Frå blogspot. Bilete frå Kari Eidsheim sitt arkiv

Så reiste eg ut på skular, og kontakten vart mindre. Siste tida budde Jenny på Knarvik sjukeheim. Eg hugsar eg møtte Bente, som sa at i dag var det vanskeleg å få kontakt med bestemor.  Ho verka heilt bortreist. Eg gjekk  innom likevel. Jenny kjende meg, og me prata. Plutseleg seier ho: - Bente var her, men eg var ikke inne.  Ei påminning om at eldre kan være til og frå i den mentale dagsforma si. 

Fred over minnet !


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Håkjerring i Osterfjorden