Kvar vart det av tida til kontakt med naboen?

   



-Tidi ho renn som elv imot os. Fort skifter sumar med vetter...(Anders Hovden)

Men kva er tid for noko? Tid betraktes som noe som stadig er i bevegelse og som man stort sett har lite kontroll over. Til forskjell fra de tre romlige dimensjonene kan man ikke bevege seg fritt i tid, men er bundet til å følge tidens «strøm» eller «flyt». Man kan imidlertid stadfeste et tidspunkt med et klokkeslett og/eller en dato. ( wiki)

Likevel, eg vågar å påstå at  livsens elv rann saktare før, og  me hadde betre tid før, og meir tid til menneska omkring seg.



Far var ute og køyrde bil, og det var han ofte, på veg til eller frå eit arbeid. Men det hendte ikkje sjeldan at når han såg nokon etter vegen , så stoppa han , og sveiva han ned bilruta og tok ein prat om dette og hint, og kva som hadde hendt sidan sist. Han var glad i menneske, og lika å prata. At han deretter kanhenda arbeidde ein halvtime lenger for å verta ferdig med det han skulle, det var som det skulle vera..

Mor tok seg ein prat med mannen på fiskebilen, eller om ho var utanfor huset når noko gjekk forbi, så snakkast dei alltid. Ein måtte jo helsa, og fretta om det var noko nytt. Då ho fekk ansvaret for bensinstasjonen, hende det same. Ho hjelpte kundane, og dei tok seg ein prat før dei gjekk vidare. Noko anna ville vore uhøfleg. 



Far tok med seg folk han møtte inn til middag, og mor rydde plass til ein til. Slekt og vener stakk innom på ein prat, og sat ved kjøkkenbordet eller fekk ein kopp kaffi  ved salongbordet i stova. Brørne til far min  var flinke til å slå av ein halvtime på veg til noko anna,  i tida etterat far var død. Ja, naboen stakk innom til ein kopp kaffi på kjøkenet rett som det var. 

Når hadde du sist ein nabo på uventa besøk? Eg har ikkje hatt nokon i år, også før korona. Du må spørre på forhånd, så det kan striglast opp. Dwet var betre før, synest eg, då det ikkje var så nøye med litt ungerot. 



Trang ein nabo ei beina, så hadde du tid. Det galdt barnepass, hjelp til å sy opp ein kjole eller hente krøtter. 

Var ein på butikken eller til dampen, var det alltid tid til ein prat med andre frammøtte. Ein kunne stå i vegaskilje å prate litt før ein drog kvar sin veg. 

Bussjåføren påtok seg oppdrag på Svaneapoteket i bydn- for han skulle jo dit likevel- , og han lytta tålmodig til sjukdomshistoria før han fekk resepten med seg, og køyrde vidare mot ferja.  

Båten kunne vente nokre minuttar om du var sein, og heiv far seg på fløyta då ferja helt på å bakka ut, så kom ho innatt og tok på bilen hans. 

Dei vaksne hadde tid til å vera med på kvinneforreningar , møter og basarar, og dei kunne stilla opp på dugnad og hjelpe naboen om det trongs.  Men me har ikkje tid- .




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar