Makk

 




- Det kitlar sånn! Far hadde slept ein liten makk oppi handa mi, og krypet låg og vridde seg fram og attende.  Etter litt slepte eg han, og han skunda seg  ned i jordhaugen att.

 Seinare, då søskena mine vart større, var det eg som fanga makk og slepte dei oppi hendene deira, slik at dei skulle få oppleva den kriblande kjensla. Det same hende: dei slapp makken nedatt på jorda. Tynn hud er følsom. 

Makk fanns det i god jord. Han bearbeidde jorda, laga gangar, og drog lauv og restar av dyr  ned i jorda, åt dei, og skeit ut att fin ferdiglaga jord. Der det var mykje makk, var det mykje gangar i jorda, og derfor god moldjord,   porøs, fin til å plante i, eller å ta inn til blomsterjord. Makk betyr mykje for forråtnelsen, og for å skape god jord. Men skulle du ha jord til plantar inne,måtte  makkane ut, for elles kunne dei ta til å ete på planterøtene, og det var jo ikkje meininga, om ein ville ha frodige plantar i vindauget. 

Onkelen min hadde ein spesiell stad nær møtttinga der han fann seg makk når han skulle ut å fiske. Han grov dei opp med spade, og samla dei i ein hermetikkboks som han tok med seg til bekken. Dei sprelande småkrypa vart tredd på ongelen, den heimelaga fiskestanga slengd ut i ein kulp, og så var det berre å vente på at fisken beit. Makken sprella og krodde seg i vatnet, og lokka til fisken, som beit på.  Det var vel ikkje heilt etter Mattilsynet si oppskrift, men kattane fekk jo mat når fiskaren kom heim.  I trondheimsområdet bruka dei uttrykket " å bløyte mark" om å fiske.

Makkar som kom opp or jorda, levde eit farleg liv. Dei var god mat for småfuglen, skjor og kråke, og rett som det var, såg vi ein fugl som hala og drog ein makkestreng opp av jorda. Ikkje så tiltalande det heller, sett frå dyrehelseperpektiv, men slik var no ein gong livet : den sterkaste hadde makta, og bruka ho når han var svolten. 

I hønsegarden kunne det verta reine slagsmålet, om ein makk var dum nok til å  stikke hovudet opp. Det var minst tre andre høner som hadde lyst på godbiten. Ja, han trong ikkje stikke hovudet opp ein gong, høna sparka i lauv og jord, og stakkars den makk som hadde lagt seg der! Han forsvann til dei evige blautdyrsmarker fortare enn svindt!. 

Då eg las meg opp på temaet, fann eg ut at makk ikke berre er makk. Det er 27 artar, med lengde frå 2 til 30 cm. Han pustar gjennom huda, og må difor leve der det er fuktig. Han kan leve i fleire dagar i vatn, men etter regnver vert det for lite oksygen i  jorda, så då kjem dei opp til overflata i store mengder, og vert eit lett bytte for fugl og små rovdyr.


                                                         Opp for å få oksygen

Makken borar seg ned i jorda, men er jordsmonnet hardt, må han ete seg fram. Dei mumsar og et heile tida, og derfor vert det mykje fin jord etter dei. Dei kan ete opp til 5 kg i året, stod det på Myanimal.  Dei vert aldri slitne, og er alltid svoltne. Kanhende vi burde gå til meitemakken og bli vis? Han arbeider som mauren.

Dei større artane ligg i dvale om vinteren og når det er altfor varmt. 



Han er tvekjønna, men avhengig av sæd frå ein annan meitemakk forat egga skal bli befrukta. Dei legg egga i " muffer", og når egga er modne vert dei til små makk som klarar seg sjølv.  


                                            "Muffer"
Neste gong du møter ein av desse hardtarbeidande  minibøndene, så set pris på arbeidet dei gjer med jorda vår!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar