Kva ser du?

 Som barn hadde eg ein livleg fantasi. Eg såg føre meg ting som kunne henda, og fellt mang ei tåre over "kanskjehendingar".

Men det var også mykje du kunne sjå av figurar på himmelen, om du låg og såg opp på skyformasjonane og såg dyr og fantasifigurar, landskap og menneske. plutseleg endra dei seg, og høna vart hund, og katten ei løve.

I skogen var det mange figurar , der du kunne sjå troll, huldrer og dyrefigurar i tre, på subbar og steinar. 

Du kunne bøya deg ned over kloppa og sjå kva som rørde seg i vatnet, og når isen stinkla i pyttane, var det fantastiske landskap. 

Denne fantasien har ikkje forlete meg i vaksen alder, og enn på mine gamle dagar tek eg meg i å  sjå figurar og hendingar på himmelen, i marka og i vatnet. 

 Så i kveld vil eg berre leggje ut nokre bilete, og utfordre deg som les . 



Kva ser du?

1



 2


 3


  4


  5

 6


7



Kva ser du?  Del gjerne.











Kommentarer

  1. Britt, dette var mange fine bileter som får fantasien i sving. Me ser nok ulike ting og det finns ingen fasit-svar.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar