Eg når målet for ekspedisjonen



 

Eg måtte vidare. Ein steingard kom i vegen, og den var vrien å forsere, for det var først streng,  og så  piggtråd øverst, for å hindre at sau og ku kom over til naboen. Men det gjekk bra, eg kom meg over. Men det vart  ei lita rift i buksa. Litt må ein ofre på altaret til vitenskapen! 

No var lendet meir kupert, og  lia var brattare opp på båe sider. Det var i sanning V-dal, som me hadde lært på skulen. Bekken slynga seg fram, og mange stader var det reine urskogen å kome gjennom, der gamle mosegrodde og halvrotne oldrar  låg i bekkekanten, og av og til over bekken. Det siste måtte då prøvast, og eg balanserte over på stammen, utan å detta uti. Ein stad kraup eg over den mosegrodde treleggen, held meg fast i dei morkne greinene, og kjende meg som eg dreiv på i regnskogen i Amasonas. 

Langt oppe frå lia høyrde eg ungar som leika og lo. Det var spanande å gå nede i dalbotnen og vite at eg høyrde dei, men dei visste ikkje at eg var her nede! 
To gaudaskiver var for lite. Eg kjende det! Eg skulle ha smurt fire. Men det vaks gauksyre under ein granlegg, og oppe i bakken fann eg jordnøter som gav meg ny energi. Saman med nokre nye skot frå ei lita gran så stilte det verste svolten. Eg hadde lese fleire historier om oppdagingsreisande som måtte overleve på det dei fann i naturen. No var eg ein av dei. 

Ei ny klopp, denne gongen i Leiknesmarka, der kjerrevegen fra Leiknes til Hillesvåg og Hjelmås gjekk i gamle dagar. Kloppa var stor og forseggjort, og ein kunne liggje å sjå ned i vatnet, både oppover og nedover. Eg prøvde å sende pinnar gjennom vatnet på oversida, og dei kom ut nedanfor kloppa, og fylgde straumen nedover, nokre la seg i ei bakevje, og andre fortsette mot havet.  


På denne delen av ferda vaks det mykje brakje. Dette treet var det korkje sau, hest eller ku som åt, så det vaks fritt, og han kunne bli stor. Enno ein steingard å klyve over, og så var eg i Hannisdalmarka.
Her kunne det vera fare for å møte hest, for bonden hadde ikkje fått traktor enno, slik som fleire av bøndene lenger oppe i dalen. Hest var eit stort , farleg og uberekneleg dyr, i mine tankar ein liten elefant å møte på oppdagarferda. Heldigvis gjekk dyret på heimejorda denne dagen. 
Bekken vida seg ut, og der såg eg målet mitt : Vågen eller Leiknesvågen. Eg kjende hjarta slå litt ekstra. Destinasjonen var nær.
For å nå  heilt fram måtte eg gå under brua. Høgt der oppe var ho, og her nede var eg. Umåteleg stor den gongen, med digre pillarar. Eg fekk knekk i nakken av å sjå opp.  Ein bil passerte, og eg kjende det dirra i underlaget. Nokre folk passerte over brua, men dei såg ikkje meg. Eg kjende ei sitrande spaning: Her er eg, heilt åleine, og oppdagar verda.

Litt  til, nokre skritt, og eg var ute i Vågen, og kjende støvlane seig nedi gjørma. Eg drog føtene fort opp, og sette støvlane på fastare underlag.  Frykta for  søkkjeleire vart for stor, og eg snudde og klatra opp den bratte skråninga til storvegen. 

Eg hadde klart det! Eg hadde utforska bekken, og funne for meg ukjent land! Britt Hagesæter alias Livingstone skritta med store steg oppover Sudmannsbrekka og
heimover. Men mor vart ikkje informert om dette heller. Nokre store oppdagingar må ein ha for seg sjølv.
Men eg sette til livs eit halvt langebrød og to glas mjølk om kvelds, og søvnen var god.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar