Klippe, klippe, sa kjerringa

Mor var praktisk anlagt, og flink med klipping, sying og all slags handarbeid. Det vart etterkvart 4 jenter, seinare ei til, og alle skulle klippast på håret.  Mor likte kortklypt hår, sjølv om mange meinte at jenter skulle ha langt hår og fletter.  Kort var enkelt, lett å halda og floka seg ikkje når ein skulle dra kammen gjennom på morgonen, og dermed slapp heimen unna mykje skrik og uro kvar morgon.  Men ho trudde seg ikkje til å klyppa oss. Truleg sat vi for uroleg under prossessen.  Så der melde ho pass. 

Mitt første klippeminne  er at Hjalmar Rognved kom innom for å klippe far, og då tok han Anny og meg i same slengen. Han hadde klippemaskin og saks.  Saksa var kald mot halsen, og me måtte sitja musestille, slik at mannen ikkje klipte feil. Ikkje så lett for ein seksåring.  Frisyren var den tradisjonelle, bolleklipp eller bollesveis , som dei flest ungar hadde på den tida. 



Når eg vart eldre, og var med far til byen, og han klipte seg hjå ein herrefrisør på Bryggen, så fekk eg meg eit klipp samtidig. Litt meir spanande det, når ein fekk sitja i svingstol. Det var store speil på veggane, og ein fekk fylgja med i prosessen etterkvart som hårlokkane fall. Toppen på det heile var når frisøren tok fram nakkespeilet, og viste korleis klyppen såg ut bak.  Då kjende ein seg vaksen. Men sjølve frisyren var framleis tilnærma bolle. 

Heime på landsbygda var framleis Hjalmar Rognved  han som klypte.  Han hadde kontortid i andre etasje  i  meieriet på Hjelmås, same romma som det elles i veka kunne vera både bank og doktorkontor, så  fleirbruk av lokale var det for så vidt  den gongen og.  Me gjekk eller sykla til Hjelmås når det var annonsert klypping, og venta tålmodig på burt. Han bruka framleis klippemaskin og saks , og håret vart kosta opp og kasta i søppelbytta etter kvart klipp. Vi betalte eit par kroner, og gjekk ut att, nyklypte, og med tilnærma lik bollesveis alle saman. 


                                                                        (Wikipedia)

Ei av systrene mine hadde langt hår ein periode. Kor ho fekk det gjennom i vår forholdsvis einsretta og praktiske familie veit eg ikkje, men ho sparde trufast i nokre år, og hadde til og med fletter. . Kanhende var det hushjelpene som me av og til hadde,  som hjelpte ho med flokane.  Men mitt gulrotfarga, tjukke og krøllete hår fall for saksa eit par gonger i året. 


Krøllnåler var eit must når du var hjå frisøren i bydn.                                                                                 


Då eg vart eldre  bruka eg damefrisør i Bergen , og kunne då sjå bilete av vakre nyfriserte damer på veggane, og ikkje minst i alle moteblada eg bladde i mens eg venta. Håret vart vaska, klipt og eg fekk krøllrullar festa med hårnåler i håret, før eg vart sett under hårtørkaren, og kunne lese endå fleire blad med bilder av vakre damer med nydeleg hår. Etter tre kvarter  var håret tørt, rullane vart teke ut, og håret vart føna, tuppert  og lagt i fine bølger rindt eit rundt og fregnete ansikt. Eg fekk rikeleg med hårspray, og fekk sjå meg i nakken, og nikka. Men skuffelsen over å ikke verta forvandla til ei av damene i moteblada var der då eg betalte og gjekk ut på gata igjen- kvar gong. 


Hårtørkar av gamal type

Men eg gjekk ikkje så langt som nokre eg kjenner. Dei skulle i bryllaup, og gjekk til frisøren. Så skuffa var dei over resultatet at dei gjekk beint i dusjen, og rulla opp att håret sjølv!


 Ei nabojente, Tone Mundal tok til å klippa folk heime hjå seg, på jenterommet, trur eg.  Ho brukte meir moderne metodar, tynte ut håret og  laga ein meir moderne look. Edit, syster mi fortel om kor fin ho syntest ho vart då ho i 8-9 årsalderen bytte frisør og starta å klippe seg på Flossvika.  Den ny tida hadde sitt inntog på Leiknes og!
Eit gamalt og godt (?) hårspraymerke.  I min ungdom var det nødvendig med mykje tuppering og hårspray før du var pen på håret. 



Nokre av dei som fortsette med bolleklipp på  80-talet. Då vart bollesveisen plutseleg progressiv!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar