Oppdagaren på tur i Leiknes indre

Ei reprise frå 2016:


 

No skulle det skje! Eg hadde planlagt det lenge, men ikkje fortalt det til nokon, aller minst mor, som hadde ei  velutvikla evne til å forpurre eventyr.

Vi hadde nemleg ein bekk på Leiknes. Den strekte seg 2-3 kilometer frå Piparvatnet til Vågen, og gjekk gjennom loner og i botnen av bratte dalsider.
Ingen eg kjende hadde gått der, og eg hadde ein ubendig trong til å oppdage dette ukjente territoriet. Vi hadde høyrt på skulen både om Livingstone og Roald Amundsen, så kven visste kva som ville openberre seg i Leiknes indre?
I alle fall ikkje eg, før eg hadde sett med eigne auge. Så oppdagaren Britt Hagesæter rusta seg ut med støvlar, kniv og matpakke, og etter at Anny fekk oppdraget å ta middagsoppvasken, noko som ellers kunne utsett heile ekspedisjonen til neste godversdag, så la eg ut på den spanande  ferda.
Katten Mons sa farvel midt i Myramarka, og gjekk for å finne mus, så eg måtte ta vegen på oppsida av steinmuren åleine, og fylgja den heilt opp forbi Lonæ, før eg kunne krysse over gå over og fylgje opp til vatnet, før eg gjekk ned att. Rett skal vere rett, eg måtte starte ved utgangspunktetfor bekken og følgje han heile vegen nedover til utløpet ved sjøen.
Heile den store ekspedisjonen gjekk gjennom utmark, der du kunne møte både ku og hest.. Sauane var på fjellbeite på denne tida av året.

Eigentleg var starten ein gedigen skuffelse. Heile øverste del var lon, og dermed måtte du gå  i lia for å vere sikker på å ikkje dette uti. Det var eit nederlag, for skulle du fylgje ein bekk, gjekk du ikkje i lia! Dessutan måtte du smyge deg under trea, for kyrne og sauane hadde ikkje rådd med all underskogen.


Eg bevega meg nedover, likevel oppteken av det store prosjektet, å finna Vågen. Nedanfor Myrane var det igjen Lon, og igjen måtte eg oppi bakkane fordi det var for blautt nede ved bekkekanten. Langt borte høyrde eg eit plask, og skjøna at det var oteren som hadde høyrt oppdagaren, og forsøkte å kome unna. Hjarte slo litt ekstra, for i min fantasi var dyret stort og farleg, og eg var glad for å kome til kloppa over bekken, og såleis kome forbi det farlege dyret.                             .






Men nye fårer lurte, for kyrne deira Myrane hadde i dag slege seg til i granskogen nedanfor kloppa, og eg måtte kome meg forbi dei utan at dei kom for å sjå på meg, og strekkje dei ekle tungene ut mot meg, eller at ungdyra veifta med hovudet og ville ha meg unna. Med bøn til Gud og eit godt tak om kniven kom eg meg unna, smaug under grantrea som stakk og brende, og kom meg over gjerdet til Kleivautmarka. 

                      
Her forandra lendet seg. Det var opnare, og du kunne fylgje bekken meir, om du heldt deg på høgre sida av bekken. På venstre sida var det myr, men ikkje verre enn at du kunne hoppe frå tue til tue, så eg veksla litt mellom sidene, hoppa over bekken . Eg priste meg lukkeleg over å ha blitt utfridd frå kyrne i Myramarka, og sende ein hjarteleg takk til Vårherre for hans vernande makt. Det var ikkje fritt for at eg nynna på " Ingen er så trygg i fare" der eg bykste og spratt fram og tilbake. Ein og annan liten mort sumde innunder ein stein, men eg var ingen fiskar, eg var oppdagar, så dei vart registrert til seinare utferder. Ein liten stein i bekkekanten passa perfekt til å sitje på, og eg inntok mine to brødskiver med gauda på, og la meg ned for å drikke vatn til. Her var det rennande vatn , og ikkje myrvatn, og dermed trygt å drikke. Barnelærdom. Eg vart litt våt på knærne, og skiten med, men ein må ofre litt for vitenskapen. Dessutan tørka kleda vel til eg kom heim-.
 
To be comntinued...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar