Stjernehimmelen over deg.


 


Det er lenge sidan eg har skrive på denne bloggen no. Eg har rett og slett hatt minnetørke. Det er vel ikkje så rart, etter å ha skrive på bloggen i 4-5 år. Det er begrensa kor mykje ein kan  få ut av barndommen, og ei  bygd med litt over 200 personar. 

Men i går kveld var eg og kallen ute på ein liten kveldstur, og då me kom litt unna gatelysa, såg me at over oss var det ein fantastisk stjernehimmel, der ein kunne sjå både Orions belte og  Karlsvogna



Så tenkte eg tilbake på min barndoms stjernehimmel, som lyste over meg når det var finver på veg heim om kvelden. Månen kunne lysa , anten han var halv eller heil, og det blinka i nettopp Orions belte og Karlsvogna. Me syntes me såg ei skinande vakker stjerne som var Betlehemsstjerna, fann Melkeveien  og stjernetåker, og dei mest fremmelege fann både Uranus, Jupiter og Venus. Dei var våre vener, og blinka og vinka , lyste opp  heimvegen. 



Gud og Jesus var så nær i barnefantasien, der ein gjekk heimover med 3literspannet med mjølk frå meieriet. Over brua lyste månen  skinande og trollsk på Vågen.  Mellom dei få gatelysa   kunne det vel  og sjå skummelt ut av og til både opp Sudmannsbrekka og i Skare  Frykta kunne ta over, og ein vart ekstra gudfryktig. Salmeverset

 Aldri redd for mørkets makt Stjernene vil lyse, med et Fadervår i pakt skal du aldri gyse, hadde vi lært utanatt og sunge mange gonger, og gudsfrykta  fekk  ein til å be Herrens bøn både ein og to gonger, til ein kom innatt i måne- og stjernelyset og kunne slappa av.



Eit  stjernerap  for over himmelen, og me hadde lært at då døydde eit menneske. Men sidan  me såg stjerna falla på himmelen, rekna me med at  at det var himmelferda vi var vitne til.

Rundt  1957  var det vekkjing   over bygdene i Nordhordland. .Det var mange som bøygde kne både i øvre og nedre bedehuset på Leiknes.. Eg fekk ikkje lov til å gå på møtene, men snappa opp eindel  Eg var litt eldre, og det  gjekk opp for meg at det ikkje var sikkert at Vårherre såg mellom fingrane med ulydnad og andre små og store  synder. Kanhende eg ikkje vart med når Jesus henta sine?  Eg bøygde  kne fleire gonger på min mjølkehentingvandring i den tida, og bad om tilgjeving for synder, og ynskte å vera med når  Herren kom på skyane for å henta sine. 



Eg har  levd nokre år til.  Vissa om å vere med når Han hentar sine , er sterk. .Men gleda over skaparverket, stjernehimmelen, det uendelege som universet representerer er framleis sterk. Som den barnlause Abraham stod og telte stjernene  og fekk vita at så stor skal slekta di bli , så kan vi og vite at det Gud har lova vil han gjennomføre.  Gjør du som Abraham gjorde se imot himlen opp! Da, mens du stjernene teller Vokser din tro, ditt håp ( Levi Petrus)




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar