https://norwaytoday.com/rss1/nathaniel-22-matte-vasse-i-hoftedyp-sno-til-jobb-aldri-opplevd-maken

Det snødde kraftig i nord og vest sist veke, som det av og til gjer på denne tida. Bodø var sterkt ramma av snøver, og til og med riksmedia slo til med reportasjar om brøyting, folk som gjekk på ski til arbeid og høge brøytekantar. Bussane stod for det meste, og ein stakkar måtte vasse i snø til langt opp på leggen for å kome på jobb.  Ja, det var tilstandar!


Men så flakkar tankane tilbake til 50-talet, til snøver i min barndoms dal. Det hende brøytebilen kom dagen derpå.  Så du vassa i den snøen som var, anten han nådde oppå leggen eller til hofta. For du skulle på skulen, og måtte gå veg eller snarvegen okke som. Han som gjekk som førstemann gjennom Myramarka ein slik snøversdag, var i sanning ein vegbrøtar, og brukte lang tid på å forsere snømassane. Ekstra heldig var du om det var vind attåt, slik at snøen hadde laga fonner. Du måtte over dei, og ikkje rundt. Våt og snøfull nådde du skulen, tømde beksaumarane eller støvlane, slo  leistane mot veggen og varma deg mot omnen til verste væta var borte.  Friminuttane var kjempeflotte, med snøballkasting, englar i snøen og snøborger og hus. 



På heimveg hadde me betre tid. Då kunne ein undesøkje ei snøfonn, hoppe i snøhaugane eller vasse inn under ei gran for å undersøke korleis der såg ut der. Der var det snøfritt, og greinene gav livd. Etterat læraren hadde lest om Frostmoborna som drog ut frå heimen for å overleve, visste me at under dei trea var det varmare, og trea gav ly for ver og vind. 

Snø var glede, i alle fall for oss ungane. 

                                                           Meir snø enn dette. Ikkje brøytt. 


Frå Hedlesvågen og på butikken på Leiknes var det vel 3 kilometer. Eg høyrde om ei som gjekk etter ubrøytt veg med barnevogn og to ungar. For mat måtte ein ha, snø eller ikkje. Heldigvis var det ei nabokone som forbarma seg over fylgjet, og passa ungane medan mor gjekk å handla.  

 

                                                         Yngre bilete, men snuteplog. 

Bilen med plog, brøytebilen,  kom vel. Det var mange vegar som skulle brøytast før han kom til Leiknes. Brøytemannen og bil budde på  Heggertveit, like før Høylandsmyr. Det var knapt ei mil. men mange sidevegar som skulle brøytast  undervegs.

Men me klaga ikkje. Ingen kom i avisa, for brøytebilen kom jo til slutt, om ikkje regnet kom først, og snøen vart borte. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar