Radioen var det første massemedium me hadde i Noreg. Gjennom det kunne ein sende same bodskapen til mange menneske samtidig. Etter krigen auka radiolisensane til 226000. Det vil seie at minst  halvparten av dei som budde i Noreg kunne høyre radio.
Det var det same alle kunne høyre. 4 nyheitssendingar om dagen, der nyheitene var frå Norsk telegrambyrå og Reuter.
 Like ofte vart det sendt vermeldingar.  Melding om fiske var viktig for dei som dreiv fiske, og det var fleire då enn no.  Været til sjøs var viktig for dei som ferdast på sjøen.  Erling Hagesæter skriv i boka si om korleis det var å krysse Sognefjorden med  motorskøyte under krigen då ein ikkje kunne høyre vermeldingar. Det var ikkje spøk, for veret kunne skifte fort.

Husmoren hadde 5 minutter, der det vart teke opp viktige småting for henne som stellte heime. På 50-talet var det dei fleste gifte kvinner heimeverande, og dette var viktig oppvurdering og undervsning for denne gruppa.  Elles var det daglege børsnoteringar frå Oslo børs, noko me ungane ikkje heilt hadde sansen for. Den monotone stemma og innhaldet fjernt frå kvardagen vår, fenga ikkje. Men nødvendig var det, for å få fram bodskapen til dei var langt frå børs og bank.. Avisene kom seint på dagen, eller dagen etter
NRK vaks seg sterk på musikkinnslag, med eige orkester, Kringkastingsorkesteret, som hadde konsertar og akkompagnerte andre. Dei hadde eit fast time kvar fredag som heitte Meloditimen, som på 50-talet var svært populært. Det seiest at gatene var tomme då han gjekk.
Elles var Ønskekonserten populær. Den kjem eg tilbake til . NRK hadde eit arkiv på 50 000 plater, som dei kunne bruka i ulike program.
Sportsreportasjar vart sendt. Første gangen var frå Ol i 1952. seinare sendte dei frå skøyteløp, hopp og langrenn. Eg sat og skreiv rundetider då Fred A Maier og Kuppern gjekk 5000 og 10000 meter!

Når du høyrde radio, var du avhengig av høyrsla for å fortstå. Etterkvart utvikla radioreportarar som Rolf Kirkvåg ei evne til å skape visuelle bilete hos tilhøyraren gjennom skildringar,
publikumskommentarar og lydar.

 Rolf Kirkvåg dreiv både med sportsreportasjar, han hadde innslag frå sirkus Berny og frå Flymessa i Oslo, før han tok over lørdagsunderhaldninga i Store Studio.
Laurdagsunderhaldninga frå Store studio var ei greie. Ho starta klokka åtte om laurdagskvelden,
og svært mange lyttarar var då benka rundt radioapparatet. Dette var før pizzaen si tid, men noko godt vanka det ofte. Kringkastingsorkesteret spela, det var sketsjar og songar av kjende kunstnarar, og vanlege folk kunne bli intervjua . Leif Juster, Søstrene Bjørklund, Alf Prøysen var nokre av dei som var med.  Det var publikum i salen, som deltok med song, klapping og latter.

Det eg hugsar best, var då Erik Bye engasjerte det norske folk til å gi til ny redningsskøyte, "Skomvær II". Det var stor stas då ho vart overlevert til Redningsselskapet.
NRK hadde eigen teateravdeling, og sende ofte radioskodespel. Mange krimseriar gjekk og, med gode skodespelarar, og sidan det vart bruka skumle lydeffektar, skapa dei spenning og engajement.
Ein gong kom eg til å slå på " God aften, mitt navn er Cox" medan eg var åleine i stova. Det var så skummelt at eg skrudde av, og på, for å høyre litt, og så skrudde eg av att. Me fekk elles ikkje lov til å høyre på krimmen, men då eg vart eldre, høyrde eg av og til i smug på "Dickie Dick Dickens".  Den var jo ein snakkis på skulen, og det var flaut å ikkje ha høyrt på han
Det er lenge sidan dette. Då eg leita etter bakgrunnsmateriale til denne bloggen, var det NRK TV som kom fram i søkefeltet. Det vart ein revolusjon med TV. Radioen kom i bakleksa.
Med flaumen av massemedia i dag, fridommen til å velje kva ein vil sjå og høyre, så var dette ei heilt anna tid. Ein brukte fleire sansar enn øyra for å få informasjon, og etterkvart vart vart det fleire kanalar, og meir allsidig informasjon.

"Adle dei bødne" av Erling Hagesæter 2011.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar