Ønskekonserten


Dei yngste søskena var lagde, og me hadde ete kveldsmat. Det var måndag, og ynskjekonsert. Det var eit av dei mest populære programma på 50-talet.
Mor fann fram strikketøyet , eller broderiet, skrudde på knappane, og snart lydde Boajerenes inntogsmarsj i stova.
Lille Graah var den mest kjende stemma og fortalde kor mange som hadde sendt inn plateynskje, og kor mykje som var kome inn  til Radiogavefondet. Folk sende inn ynskje om sang, og la ved ein liten sum til fondet.
Radiogavefondet, ein institusjon grunnlagt i 1950 som hadde til formål å låne ut radioapparat til  syke, gamle, blinde og uføre, samt fjernsynsapparater til  hørselssvekka og andre.  Ønskekonsertane kvar veke, og renteinntekter var  inntektskjeldene til fondet.
Det var ikkje alle som hadde råd til å kjøpe radio, sjøl om kosta berre 70 kroner. Derfor Kom det godt med å låne apparat.

Konserten starta med ei eller to barneplater, og snart kunne songar som ,Teddybjørnens vise, Bamsens fødselsdag, Nøtteliten eller Tuppen og Lillemor lyde i eteren, til glede for små lyttarar.
Dei første åra måtte vi leggje oss etter barneplatene, men etterkvart fekk me masa og argumentert  til å vera oppe lengre.
Så kom det  religiøse songar, som  Lapplisa med Barnatro,  eller  Det er makt i de foldede hender  med Lage Wedin..

Kringkastingsorkesteret hadde klassikarar, før Jularbos orkester  med Livet på Finnskogarna, og Søstrene Bjørklund   med Den glade vandrer , og Arne Bendiksen med Davy Crocett og Den siste mohikaner overtok. Rock around the clock var ein stor hit i 1956, og Det lysnet i skogen med Åse Nordmo Løvberg i 1959

55 000 plater fanns det NRK sitt arkiv, men det var eit lite utval so vart sendt i ønskekonserten.
Hallodamene fortel at det var mange fleire ønske enn det var sendetid. Dei måtte derfor velje ut plater, og av og til sende ynskja med andre plater.
Andre songar som var mykje spela var Den hellige stad, med sitt mektige tonefølge.

Der kom Gamle Svarten,med sine karakteristiske hestesko som klikka på  vegen framover,  Tango for to med smektande trekkspelrytmer, gratulasjonssongen En enkel tulipan,  og evergreen Der roser .aldri dør, alt var og slagarar som spelast ofte.


Når eg skriv dette, merkar eg at opplevingane  gjennom eteren er vanskeleg å formidle i ettertid.
Å beskrive lyd med ord, er ikkje lett. Men i den tida var dette topp underhaldning. Alle høyrde på Ønskekonserten, me song songane og lærde dei utanatt. Ønskekonserten var populær.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar