Tvillingar !


Det var ein uvanleg varm sumar på Vestlandet, sumaren 1956. Veke etter veke gjekk utan at det kom vatn, og folk byrjå å sjå i brønnane, og peile dei. Nokre måtte ha vatn tilkjørt, andre tok i bruk den kjelda som låg lengre bort frå husa, men som heldt vatn. Me ungane storkosa oss, gjekk i lette klede, og var i bad fleire gonger for dagen.
Mor gjekk og steig og var barntung, og sleit i varmen. Ho var stor, og sist ho var til kontroll, meinte lækjaren det var to, for han høyrde to hjarteslag. Det var tvillingar i slekta til mor, og mange sa at det hoppa over eit slektsledd, og det stemde her, for bestemor hadde tvillingsystre.
Så var det å svinga seg rundt, då og sy eit ekstra stell av bleier og rumpedukar, skjorter og trøyer, sengetøy og alt som trengtes, og då far kjørte til byen, var mor med og kjøpte inn  sparkebukser, og anna som skulle til.
Sidan det var to, var det ikkje snakk om heimefødsel. Det kunne jo vere komplikasjonar. Å reise til Bergen var tungvindt i desse dagar, anten med dampbåten, eller motorbåt i fleire timar, eller reise med bil til Kleivdal, gjennom Furubergstunnellen, til Seim og til Isdalstø, ferje til Steinstø, og vidare gjennom Åsane, om Eidsvågsneset  og inn til byen. Siste ferja gjekk i 10-tida, og derfor var det uaktuelt å satse på den vegen.
Mor var glad for å få plass på sykehuset Betanien, som hadde godt ord på seg i dei dagar, men ho måtte altså bu ca.14 dagar på sykehotellet like ved, fordi ho altså  ikkje kunne bu heime til fødselen tok til.
Ungane heime vart teke vare på av tausa, ho Aud Hagesæter, og far var jo og heime om kveldane, for han måtte jo passa arbeidet. Det var heller ikkje vanleg at fedre var med på fødselen i dei dagar. - Dei gjekk bere i vegen, vart det sagt.
Me heime gjekk og venta, og lurde på korleis det gjekk. Me snakka med mor på telefonen, og fekk vita kor ho hadde det.
Så kom telefonen. Eg meiner det var telegram, som dama på telefonen las opp - telefonen var jo og berre open nokre timar på dagen- medan mor seier ho ringde sjøl heim, forsdi ho kjende seg opplagt etter fødselen.
I alle høve kjem ein strålande far inn og seier- Det vart to, ei jente og ein gut! Mor og barn har det berre bra.
Me var 4 jenter frå før, så guten var ekstra velkommen. Far hadde sagt til mor at det kunne vera greit med ein gut, og det trengte ikkje vera meir enn ein. No kom han, som sistemann!
Vi reiste ikkje inn og såg nykomarane, til det var det for langt. Men far leigde Anton Myhr, som hadde vore i Amerika og hadde standsmessig bil, til å hente heim mor og tvillingane. Aslaug på Flossvika skulle også vere med, og halde den eine tvillingen, slik at mor skulle få kvile, for far skulle halde den andre. Men no ville lagnaden at Aslaug vart bilsjuk, så mor måtte halde den eine likevel, det meste av den lange vegen eg før skildra.
Eg var på skulen den dagen, og var spent. Skulevegen heim vart gjort unna på rekordtid, og dei var komne! To små sysken, ulike men det skulle vise seg at dei var psykisk tettare enn nokon andre. Dei kjende jo kvarandre allereie! Guten var størst, jenta  var tynnare, men dei utvikla seg snart til jamstore.
Det var stor stas med dei nye søskena! Tenk at dei var to! Me lista oss inn og såg, var lukkelege når ei lita hand greip om fingrane våre, eller vi sette oss godt til rette og fekk halde dei. - Pass på hovudet, hald godt under nakken..
Biletet er teke av Arthur på Kleiva, kort tid etter. Han hadde vore i Amerika og hadde fotoapparat. Ei slik stor begivenheit måtte forevigast! På biletet strålar eg,lukkeleg storesyster til to til, medan dei to mellomste er litt meir betutta over det store omveltet som kom. Mor sit med jenta på fanget, med lyseraudt teppe.  Far heldt stolt og glad guten han endeleg fekk, sjølsagt med lyseblått teppe. !
Korleis hadde mor det? Seinare sa ho at hadde ho hatt ein til, kunne ho ha gått i eitt...Det var nok både lukke og ammetåke, vil eg tru.
 I neste blogg skal eg fortelje litt meir om første tida.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar