Den store verda på eit ungdomshus nær deg


Det stod plakatar på oppslagstavler og stolpar. Det skulle vere Bygdekino i ungdomshuset på Hjelmås.  To forestillingar, ein for barn og ein for vaksne. Av og til var det aldersgrense 12 år på vaksenkinoen. Dei første åra var det ikkje så nøye med aldersgrensene, sidan vart det strengare.

Det galdt å få lov. Mor var litt streng. Det skulle vera bra filmar. Det hjalp ikkje å kome med Davy Crockett der i garden. Men norske filmar fekk me gå på, og anerkjente barnefilmar.
Litt nyare type

Me gjekk eller sykla til Hjelmås. Det var vel ein times gange, og det var ingenting, den gongen.
Den oransje Folkevognsbussen med Norsk bygdekino på sidene var kome, og filmframvisaren vart installert på galleriet. Høgtalarane vart sett opp, og vi betalte vel ei krone for å koma inn. Maskinisten hadde  pengeveske og reiv av billett til kvar enkelt.  Det var litt høgtideleg for oss ungane

Me sat på benker utan ryggstø, og storøygde fekk me med oss " Fjols til fjells"  "Toya", "Heidi" og "Støv på hjernen". Av og til hadde me kjøpt med litt drops, karameller eller halspastillar, men ofte nytte me ikkje medbrakt. Midt i filmen vart det ei lita pause. Maskinisten skulle skifta filmrull, for heile filmen gjekk ikkje på ein rull. Det var audio lyd, og av og til spraka det litt i høgtalarane, og det var striper på biletet i filmen. Men det gjorde ikkje noko. Me levde oss inn i plotet, og kunne snakke om det på skulen, eller ta det med i leiken og stilane våre. Heime var det ingen bilete anna enn i bøker og vekeblad. Me hadde ikkje TV, ikkje video, berre radio som baserte seg på høyrsla, ikkje syn.
Svecon Film  spela inn film på Hjelmås. Det var ein 20 minuttars barnefilm med tittelen "Gråpus som forsvant". Plotet var ein kattunge forsvann fordi ungane ikkje var snille med han, og kor gutungane leita etter den bortkomne katten,  og så kom sjølsagt pusen tilrettes att. Håkon og Liv Sandberg som hadde hytte på Hjelmås laga filmen, og guttungane deira hadde hovudrollane. Det var lokale statistar, og bilete frå naust, skog og utmark i bygda.

 Filmen vart mykje omtala, fekk gode kritikkar, og me ungane snakka mykje om den. Så vidt eg hugsar hadde Sandberg Film premiere på Hjelmås, og så vart den seinare vist på Bygdekinoen. Folk gjekk mann av huse, for dette var nesten ei verdsbegivenheit på vesle Hjelmås. Eg ser enno føre meg ei scene frå filmen, der vesle Gråpus tuslar i steinane utanfor eit naust på Hjelmås.

Bygdekinoen var og  er ein omreisande kino, som viser fersk film i deler av Norge som ikke har ordinær kinodrift. Visningslokala er varierte og bærer på mye historie: samfunnshus, grendehus, skoler, kulturhus.
Han brakte filmen til utkantane, og ein fekk sjå kvalitetsfilmar på ein stad nær deg. Audio lyd og bilete med varierande kvalitet, men den store verda var nær, i eit ungdomshus på Hjelmås på 50-talet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar