Tvillingar II



Det var stas med tvillingar i huset for oss ungane. I den første tida låg dei lag i same senga, og mor fortel om første gongen den eine oppdaga den andre, og forsiktig strekte ut ei hand for å røre ved vesenet ved sida av.
Det kom gutar i 10-12 årsalderen på døra, ringde på og spurde- Kan vi få sjå dei?  Så fekk dei kome inn, sjå vedundra og sitje forsiktig i sofaen og halde dei.
Jenta var tunn, og fekk dermed mest morsmjølk, medan guten fekk litt av det, og litt erstatning. Dei vaks, og snasrt var dei like store, men guten var alltid litt meir sett.
Mange kom med sengjakonemat. nokre hadde med rømmegraut eller kaker, som skikken var, og me ungane likte sjølsagt det. Mange hadde med gåver til dei nyfødde. Dei fekk rikeleg av sparkebukser, fine trøyer, ein del heimestrikka, tepper, luer , vottar og labbar.  Alt var i lyseraudt og lyseblått som skikken var, og mor fortel at det var moro å kle på dei to så mykje fine klede. Heldigvis var det ulike størrelsar, så dei hadde  kleda lenge.
Snart var dei så store at dei kunne liggja på teppe på golvet, strekkje seg etter leikar og krabbe litt omkring. Vi "leika" litt med dei, og gledde oss til dei var større.
Ein dag reiste jenta seg frå golvet og stod, og tok sitt første ustøe skritt før ho deiste i bakken att. Mor påstod at han som sat att på golvet sa -Malit, men det høyrest noko usannsynleg ut. I alle høve fekk guten noko å strekkja seg etter, og det tok ikkje så lenge før han var på beina han og. Litt vanskelegare for han som var tyngre i sessen.
Mor hadde kjøpt ei brukt tvillingvogn, og det var stas å gå ut og trilla, men turane vart ikkje så lange, for vogna var tung, så me snudde når me kom til bakkane, og nøydde oss med å trille utanfor huset. Elles var det mange som ville trille, men me syntest me hadde førsteretten. Tausa, ho Aud, tok dei   med på tur når ho hadde tid.
Det var alltid eit tett forhold mellom dei to. Dei hadde ein kommunikasjon og eit band me andre ikkje hadde. Jenta gjekk føre, tok styringa, slik eg har høyrt det ofte er når det er toegga tvillingar. Ho ordna opp, og han fylgde etter. Men mor fortel at ein gong ho kom ut på altanen, høyrde ho guten sei - Nei, no vil eg stemma! ( bestemma).  Då hadde nok grislinga til jenta gått for langt.

Å vere storesøster betydde barnepass. Det var oftast greit, og me passa dei i sanddungen og i hagen, lærde dei å fange rumpetroll og halde dei krelande krypa i hånda.  ( me fekk aldr ale opp rumpetroll i kjellaren. Eg forsøkte ein gong, men måtte tømme dei paddedammen att)

Me drog dei over nettinggarden hass Arthur nesten før dei kunne gå, og let dei vere med på å utforske utmarka. Oppe i marka var ei stor kronglete furu, klatretreet, som eg elska . Dei måtte jo lære seg å like det dei og, så dei var med og plukka kongler og vart lyft opp på nedste greina, med ordre om å halde seg fast. Kva traumar dei har fenge etter det, har eg ikkje undersøkt, men  ingen av dei har klatra så mykje i tre i etterkant. Heimatt så drog vi dei over gjerdet, men guten var så tung at me løfta opp gjerdet og let han krabbe under. Kjeledressane skulle jo vaskast, anyhow!
Dei hang saman gjennom oppveksten. Jenta ordna nok opp, og heldt greie på det meste, medan han fylgde med. Mor ville ha dei i kvar sin klasse på ungdomsskulen, men dei nekta, og sat på rektor sitt kontor til mor gav samtykkje til same klasse. Først på vidaregåande skule skilde dei lag, for då var dei ferdig til å utforske verda på eiga hand.





(Fann lite ill denne gongen pga. ferie!)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar