Tante Bergitta



Bestemor hadde 4 søstre.  Dei kom frå ein tungvindt gard på Mundal, som var bratt og ulendt, tungdriven som gav lite av seg. Garden hadde eit vånigshus med inngang på midten, kjøkken, og ei stove i kvar ende av huset, og to-tre loftsrom. Bestemor fortalde at hovudhuset fekk tregolv i stova då foreldra hennar gifta segi i 1900. Det var  eit gamalt fjøs med  tradisjonell vestlandsk utsjånad., med store steinmurar og litt trevirke øvst. Ei låvebru gjekk opp til låven, og der var det høystål.
Rundt huset var det ein stor bær og frukthage, og i den sørvestvendte bakken bak huset vaks det hassel, som gav nøter om hausten.
Sofia var eldst,fødd i 1901,  så kom tvillingane Martha og Bergitta i 1903, Anna som vart bestemor mi 1906, og attpåklatten Ingeborg 13 år seinare, i 1919.
Martha gifte seg til Leiknes, med Arthur, medan Bergitta vart ugift heile livet sitt. Ho hjelpte til på garden, og mor snakka om at ho ofte var til hjelp når nokon fødde heime, som dei fleste gjorde til langt ut på 50-talet. Ho var såleis med i fødselen min, og to av systrene mine, og hjelpte til i tida etterpå. Det var vel eit kvarters gonge  gjennom utmarka frå Mundal til Leiknes, der me budde, så ho budde for det meste heime.




Men tante Bergitta byrja  å jobba i Udlavågen, eller på Hillesvåg Ullvarefabrikk, der ho fekk resten av arbeidsdagen sin.  Der budde ho  i vekene  på hybel på Stftelsen, eit eldre hus med plass til ein familie i eine enden av huset, og hyblar for 2-3 ugifte kvinner i andre etasje. Vi besøkte henne av og til der, selde lodd, eller stakk innom ein sjeldan gong.  Ho hadde eit lite eige rom, med utsikt over taket på fabrikken og fjellet bakom.  Kjøkkenet, som eg trur hadde skråtak, delte ho med dei to  andre. Det vart vel etterkvart innlagt vatn  der, ei kokeplate eller to, nokre skap på deling og eit kjøkkenbord med nokre stolar. Det var utedo, sjølsagt. 
Kvar laurdag ettermiddag gjekk ho Bergitta dei omlag 5-6 kilometrane heim til Mundal, eller ho sykla. Ho tok del i årbeidet der heime på den tungvindte garden som systra Sofia dreiv. Ho var med i fjøset, gjekk på stølen og mjølka og bar spanna heim att,  plukka bær,  hogg ved og alt som elles skulle gjerast, Så gjekk ho tilbake til Stiftelsen sundag kveld, til ei ny arbeidsveke på fabrikken. 

  Når sommarferien kom, hjelpte ho sjølsagt til i slåtten heime på Mundal. Dei slo med ljå der hesten ikkje kom til. Dei hesja, og eg trur noko av høyet vart bore i kipe eller boratau fordi det var så bratt.  Sofia fekk ei tohjult slåmaskin på sine gamle dagar. Bergitta hadde vel ikkje noko ferie før på sine gamle dagar.  Ho overtok garden i 6 år, til ho døydde. 
Bergitta var pinseven, og tilhøyrde den vesle menigheita Betel på Leiknes. Dit gjekk ho trufast, og ofte vart sundagskvelden avslutta her. Eg veit lite om denne delen av livet hennar, fordi eg fekk ikkje lov å gå på pinsevensmøte. Ho var i alle høve sterkt kristen. Eg trur ho hadde tungetale, og det gjorde henne litt mystisk for oss. 
Ho var alltid vennleg når me møttes, og tok seg ofte tid til ein samtale med mor på veg heim. Mor var jo niesa hennar, og såleis slekt. Me ungane syntes ho var annsleis og gamaldags kledd , og tenkte ikkje så langt at hennar tankar var å hjelpe andre, systra si på Mundal, andre i slekta, og at ho gav til menigheita ho tilhøyrde.
Ei trufast stillfarande sjel, som levde sitt liv for andre.
  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar