Tante Stina- sjølstendig næringsdrivande og kvinnesakskvinne.

Kven var tante Stina? Eg sende eit pm til den i familien som kan slekta. Ho leitte, og snakka med andre som visste meir, og så fekk me oss ein god samtale om det ho visste, hadde fått vita og det eg hugsa. Ja, tante Stina er verd eit minne!
Helene Kristina var fødd på Mundal i 1877 som den eldste i ein søskenflokk på 3. Ho flytte til Bergen, og gifte seg med båsmann Andreas Olson Kjerrgarden i 1908, altså 30 år gamal.  Kva ho arbeidde med før det veit me ikkje, men ein kan vel tru at ho starta som hushjelp i ein familie. Det me veit, er at ho var sterkt innvolvert i kvinnesaka, før kvinnene fekk stemmerett i 1913. Frå andre kjelder veit me at Norsk kvinnesaksforrening mobiliserte, og at det mellom anna var fleire underskriftskampanjar for at kvinnene skulle få stemmerett.
                   Første  kvinne legg stemmesetelen i urna ved kommunevalget i Oslo 1910

 Tante Stina vart skilt frå mannen, noko som og var uvanleg, og ho gifte seg aldri att. Derimot dreiv ho sin eigen tobakksbutikk heile det yrkesaktive livet sitt. Ho var flink med handarbeid, og sydde mykje på fritida, vakker finsaum,  broderte dukar og bunadskjorter, hekla og strikka.  Dei fortel at ho broderte si eiga likskjorte, som låg og venta i ein kommode på Mundal.
Mor hadde både bunadskjorte, forkle, bringeduk og belte som ho hadde brodert.
                                Bunadsbeltet er frå tante Stina, så vidt eg hugsar
Tante Stina var sett opp til og respektert i familien,.
Då mor byrja på skreddarlære i byen i byrjinga av krigen, budde ho hos tante Stina, på hybel på kvisten i huset hennar. Kanhende det var i samtale med tante Stina at mor  fekk nokre av sine radikale tankar om kvinner og kvinnesak?
Tante var høgt respektert av familien sin,  og ein lytta til det ho meinte om både politikk og dagligdagse emne. Tantungane, som etterkvart vart vaksne, gledde seg til ho kom på besøk til Mundal, og ho hadde både gaver og pengar med når ho kom. Men ho var ikkje for god til å ta del i gardsarbeidet, heller, og hjelpte til i slåtten på den tungvindte garden.
Då ho opplevde at arbeidsdagen hennar var slutt, gav ho vekk det ho åtte til slekta.  Eg hugsar    mor  hadde eit par fat, skeier og glas frå henne Dei  tok ho  vel vare på. Dei vart knapt brukt til best , eingong.
Trur det var her ho budde

Så tok tante med seg omtrent det ho kunne putte i kommoden sin, og flytte på aldersheim i Sandviken.
 Eg hugsar at vi saman med mor besøkte henne fleire gonger. Mor  sette henne svært høgt, og prioriterte besøk der på ein travel bytur.   Medan ho var  frisk vart vi  teken imot og drakk kaffe i den overdådige salongen på heimen, seinare var vi inne på dobbeltrommet der det lukta sterkt av nafta, og  av urin om potta til naboen ikkje var tømt.   Me fekk drops av den gamle dama, men Kongen av Danmark var ikkje så populært. Det var betre å få kamferdrops, tykte me.
Sine siste dagar var ho på pleieheimen på Engen, til ho døydde i 1970, 93 år gamal, og sannsynlegvis mett av dagar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar