Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar


.

I dag har vi fryseboksar, og vi kjøper ferskt det meste av året. Vi har det lettvint, og gløymer at for eit par generasjonar sidan var matlaging og husstell  fulltids- jobb.

Eg hugsar at mor hermetiserte kjøttkaker med brun saus  og kottelettar. Det var same omstendelege prossessen, med vasking og sterilisering av Norgesglas, koking og steiking av kjøtet som skulle hermetiserast.  Det vart lagt koheit på glasa, og fyllt heilt fullt, og så vart lokket skrudd på. Glasa vart sett i kjellaren, og teke opp til sundagsmiddag  ut over hausten og vinteren. Det kunne vera ein sjangse at maten vart bederva, så ein måtte lukte på, før ein varma det opp.

Ellers hermetiserte mor frukt kvar haust. Også der var det vasking og sterilisering av glas, som var oppevart i varm steikeomn til ein skulle bruka dei.
Pærer vart skrella og koka i sukkerlake til dei vart møre, og lagt på glas. Ein hella den kokande sukkerlaken over, så glaset vart heilt fullt, og la glaslokket med gummiring på, og skrudde på messinglokket  Plommer vart kokte i sukkerlake, og lagt på glas på same måten. Kjellaren var oppbevaringsplassen, og mange hadde heile hyller med hermetisert frukt.
                                                              

Frukta vart brukt til sundagsdessertar gjennom vinteren, og det var helst til litt meir høgtidelege høve, som familiemiddagar, til jul og påske. Ofte vart han servert med piska krem eller fløytemjølk til. Kremen vart piska for hånd, med vanleg visp eller hjulvisp       

Elles vart søndagsdessertane raud graut med mjølk, eller sviskegraut med fløytemjølk..Etterkvart brukte me og hermetisk frukt, eller vi hadde  prisessepudding med raud saus og gele med vaniljesaus. Ja, sjokoladepudding med vaniljesaus var jo ein innertiar, i alle fall på vårt sundagsmiddagsbord!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule