Dugnad og hjelp



Då eg vaks opp, var dugnad vanleg . Det var bygg som skulle reisast, så både ungdomshus,og bedehusa var delvis reiste på dugnad, og ikkje minst arbeidet innomhus. Så midt under krisa på 20-30 talet, reiste og arbeidde folk i den veglause Dalebygda  3 hus med gåver og frivillig arbeidsinnsats. Det seier noko om heimbygda mi, synest eg!
Illfoto

Dugnad betydde å hjelpe nokon frivillig utan betaling. Det var det motsette av pliktarbeid,skriv Svein Børtveit   i boka Ord og uttrykk heimanfrå. Å lage vegar, å bryte is til meieriet, og arbeid på brua over Leiknesvågen var eksempel på pliktarbeid.
 Difor var dugnaden ofte gjort  med meir glede ein var meir aktiv og engasjert og kjende seg som ein del av felleskapet ein arbeidde for.  Dei som gjorde dugnad, fekk ofte maten saman med sjølvefolket. Det var og uttrykk for at dei arbeidde i eit felleskap.
Elles var det slik at naboar og vener hjelpte til når noko skulle utbetrast og byggjast, og ikkje sjeldan var det dugnadsarbeid.  Vøle tak, bygge ark og skifte kledning trongs det fleire hender, og då vart det ofte gjort på dugnad.   Men både bygging, utbedring, gardsvegar og onner og mykje anna kunne vera dugnadsarbeid der slekta og naboar hjelpte kvarandre-
Sundag derimot, var helgedag, så då arbeidde ein ikkje, i alle høve ikkje så andre såg det. Då galdt det "oksen som hadde falle i grøfta"policy, det vil seie at  ein gjorde det som var naudtyrvt for liv og helse.
illfoto

Elles så var det mykje bytings arbeid, slik at ein som kunne snekre arbeidde gratis for naboen, og så køyrde han veden til gjengjeld. Det vart rekna som heilt legitimt, og det var aldri snakk om svart arbeid, men nabo- og venetenester som ein gjorde i eit lite samfunn der ein var avhengige av kvarandre for å få ting til å fungere. Derfor meiner eg at noko av denne diskusjonen og  flisespikkeriet om vennetenester som svart arbeid er søkt. Det bryt opp og øydeleg gode  sedar og skikkar frå gamalt, og skapar murar mellom folk som kunne ta eit tak for kvarandre.
Svart arbeid er noko heilt anna enn å hjelpe kvarandre og bytte tenester in naturalia så og seie.
Illfoto


Var nokon sjuk eller på annan måte hadde det vanskeleg, så stillte slekt og naboar opp og tok eit tak, anten det galdt  å ta opp poteter, husavask, klesvask , sjøl om ein klarte seg sjøl så langt råd var.

Det var vanleg å hjelpe til ved barnefødslar  og når nokon miste eit familiemedlem. Då far min døydde då eg var i tolvårsalderen, kom slektningar og tok over og stelte huset, laga mat og gjorde dei vanlege oppgåvene  i  eit sørgjande hus, for å avlaste mor  med 6 små born. Kvardagen fungerte for oss borna.  Me var også på besøk hjå onklar og tanter som stillte opp. Mor var flink til å sy, og hjartelaget fekk folk til å sende sekker av brukt tøy som ho kunne sy om til oss borna. Det var ikkje offentlege stønader i den tid, så var du enkje, var det ikkje mykje å leva av.Ei anna sak var at det var så mykje klede at ein del av overflodet enda som utkledningsklede for oss ungane, Men omsorga og omtanken hadde  så mange gode uttrykk som set i minnet  eit halvsekel seinare.
Eg veit mor passa ungar og hjelpte til då ein av onklane mine døydde. Ein hjelpte og fekk hjelp når ein trong det.
Skulle nokon til byen, så spurde du om ei beine, og bad om at dei henta medisin på Svaneapoteket  eller kjøpte knappar eller maling, og det var sjølsagt at folk tok med  det du trong. Ein gong deg, og ein annan gong meg, slik trur eg folk tenkte.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar