Haldning til læraren : Respekt, ære og lydighet


Du hadde respekt for læraren. Han var litt høgre enn vanleg folk. Han hadde vore ute av bygda og teke utdanning, og abonnerte på blad og aviser som ikkje var vanlege i bygda.
Første åra hadde eg lærarinner. Ja, dei hette så, ettersom dei var hokjønn av lærarar. Den første eg hadde var nyutdanna, og vi elevame elska henne, sjøl om vi hadde stor respekt for henne på same tid.
Ho budde på hybel hjå besteforeldra til søskenbarnet mitt, så eg hugsar vi besøkte henne ein gong, men eg var stillsleg og flau, fordi ho var i mine tankar svært annleis og eg såg opp til henne, og syntest ikkje eg hadde så mykje å tala med henne om.
I andre og tredje klasse hadde vi ei ung dame som  ikkje hadde lærarutdanning, men ho var likevel litt over andre dødelege.

I storskulen hadde vi lærar, som var fødd og oppvaksen i bygda, ute nokre år for å ta utdanning, og så tok han over stillinga. Han hadde hatt mor før han fekk meg, så han var utgamal i mine auge. Mor tala vel om han som lærar, så eg visste at han ville læra meg mykje.
Korleis viste vi repekten for lærarne? Trefte me dei ute, så helste vi, og vi neia og bukka .
Når læraren kom inn gjennom skuledøra, og du sat der og smuglas salmevers før skulen byrja, så smelte du att boka og reiste deg opp ved pulten, helste og neia.
Vi stod og ved pulten og helste før vi song første salmeverset, og når skulen tok slutt, etterat vi hadde sunge avskilssong, så var det takk for i dag, og neing på nytt.
Vi omtala han som skuln, eller liit meir uerbødige namn,
I timane var han leiaren. Det var inkje demokrati og elevmedbestemming, korkje når det galdt metodar eller fagutval. Han fortalde kva me skulle gjera, og me gjorde det. Det var inga klokke som varsla når me skulle ut, så friminutta bestemde han. Han avgjorde også når frikvarteret var slutt, og det hende me hadde lange friminutt, når han ville. Vart det uro i timen, var det oftast nok at han såg på deg, så vende du tilbake til arbeidsoppgåvene dine, og gjorde  dei ferdige.
Skulen var kunnskapsbasert, og du lærde mykje utanåt, og kunne du det, var du flink.
Skulle du ut eit ærend i timen, rekte du opp handa, og venta på tillatelse før du gjekk ut. Du gjode deg fort ferdig, og kom stillt innatt, fann plassen din og fortsette der du slapp.
Vi diskuterte lite. Læraren fortalde stort sett kva som var rett og gale, anten det var i skulestova, i bygda eller i politikken.  Det hende vi høyrde andre ting heime, men det fall oss ikkje inn å diskutere med læraren. Han hadde autoriteten i skulestova, og hadde rett til å definere verdsbiletet, og hevda vedtatte sanningar.
Vi sat roleg, høyrde etter og gjorde dei oppgavene me fekk.
Han hadde kunnskap om så mykje. Skulefag, men han visste og mykje om idrett, om gardsbruk og fiske,  om industri, politikk og religion. I alle høve syntes me ungane det!
ja, til og med då han fekk seg pålagt å undervise i engelsk, og kom anstigande me ein gamal gramofon og Linguaphonekurs i språket, så kunne han meir enn oss, og me såg opp til han for alt han kunne.
Møtte vi han på butikken, i posten eller på bedehuset, så helsa vi på nytt, og vi passa på å oppføre oss ekstra bra så lenge han var der.
Læraren hadde status  i lokalsamfunnet i kraft av utdanninga si, fordi han hadde ei god og fast løn i eit samfunn med lite pengar, men og i kraft av den sosiale statusen sin som kunnskapsformidlar og oppdragar på vegne av staten.. 





.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar