Skotring


Det vr ikkje så mange bryllaup då eg vaks opp. I alle høve hugsar eg ikkje mange. Men det var jo ein del tanter og onklar som gifte seg, men eg var ikkje bedt, så difor kan eg ikkje fortelja om dei. Kanhende var bryllaupa små, fordi det var like etter krigen, og ikkje alle hadde like godt råd. Ting tok tid, for kyrkja var på andre sida av fjorden, og ein måtte i båt, anten ein tok dampen eller leigde motorbåt for å koma til Hamre kyrkje.
Hamre kyrkje der dei fleste vigslane var i barndommen min.

Ein skikk som var vanleg i samband med bryllaup, var at det vart skotra. Ordet skotring har med å skotte å gjere, det vil seie å kikke, gløtte. Ein person som går på skotring vert kalla ein skotrar. Mange stader har det vore vanleg at dei ubedne har gått og kikka på bryllaupslaget frå utsida, gjennom vindauga eller liknande.( wiki)



 Det, var  ein bryllaupsskikk som går ut på at bygdefolk som ikkje er bedne i eit bryllaup kler seg ut, har maske på seg og går i bryllaupslaget godt utpå kvelden. Skotringa vart godt førebuud, med påklednad , sminke masker, kanhende sangøving, ein liten tale og kanhende ein sketsj.  Då dei kom dit bryllaupslaget var, banka dei på døra, og som oftast vart dei bedne inn, Dei hadde  med ei gåve til brudeparet,
Mange stader lika gjestenei at det kom skotrarar. Dei skapte liv, og kunne lysa opp om stemninga var for høgtideleg.   Skotrarane helsa og tulla, og det var viktig å vera med i dansen, og å få danse med brura og dei andre gjestene. Dei gjøgla og skøya med gjestene,og skapar røre i selskapet men formålet med besøket var å gjera ære på brudeparet.  Dei  vart bydd på kaffi og kake om dei kom ved det leitet, og  dei vart bydd  drykk av det slaget som var i gjestebodet. Etter ei kort tid forsvann dei  ut i natta att, helst utan at nokon i selskapet skulle ha forstått kven dei eigentleg var. Skikken er best kjend frå Hardanger, der han framleis er levande, men det skotrast også på Strilelandet. Ettersom eg forstår er det nokre som forsøkjer å få seg gratis drikke på den måten, og det er mindre populært. 
Men mange ungdommar har gode minne frå den gongen dei skotra, anten dei vart attkjende eller ikkje.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar