Ikkje i kritthuset- skjor, trast og gauk




 Onkelen min stod høgt oppe i eit bjørketre, og dreiv og reiv i kvistane. Ei skjor flaksa rundt, slo med vengene. Han ville riva ned reiret, for det stod så nær husa, og han hadde skjora mistenkt for å forsyne seg med ting, fordi det gjekk ord om det. Som han reiv i kaoset, fekk han syn for segn : ei sølvteskei, nokre myntar og anna som blenkte, låg mellom kvistane. Han reiv ned heile kvistverket, og slengde det mot jorda, før han kom seg ned att. Skjora var kjent for å hemne seg, om ho miste reiret sitt.
Nokre meinte at skjora bar lukke med seg, og var glad forat ho hadde reir i tuntreet, og ho varsla når det kom folk. Men han som sat i treet og dreiv nedrivingsarbeid, var ikkje av dei. Han hadde inga overtru:  Skjora var ein rovfugl, og ho stal. Reiret såg ut som ,ja rett ut eit skjorreir, men det er ein etter måten forseggjort bygnad, las eg i leksika:

"Paret bygger sammen et overbygd, stort og rundt  med én eller to innganger fra siden, som  i et tre, men kan også plasseres i en  busk, under et husmøne, i høyspentstolper eller lignende , Reiret er som regel formet som en kjegle med spissen ned. Hannen bidrar aktivt med bygningsmaterialer under byggingen. Det er ganske stort og (til forskjell fra kråkereiret) gjerne overbygd, med inngang fra siden. Selve inngangen er beskyttet av spisse kvister, så ikke større predatorer kommer til. Redet fôres innvendig med mykt materiale, som ull, pelshår, mykt gress og løv." 
Skjora skal vere ein av dei mest intelligente hønsefuglane. og veit mellom anna at ho ikkje er speglbiletet av seg sjølv, og lar seg ikkje affisere av det.
Vi ungane la merke til henne. Ho kom om det var restar, levningar eller slakteavfall, og då var ho nærsøken. På skulen lærde vi at ho tok egg frå småfuglane. Ja, ho kunne gå inn i reiret deira og dra ungane ut for å ete dei.  Skjora var ein rovfugl, og vi likte henne ikkje.
Nokre la eit par høneegg i reiret hennar, og lurde henne til å ruge ut kyllingar. Det var som ein siger: rovfuglen ruga ut nyttefugl!
Vi delte fuglar i to: Dei snille og vakre, og rovfuglane. Dei første var velkomne, og mange hadde fuglekassar på uthusveggen eller i tre nær huset, for å få dei til å hekke der. Dei som åt fluger og mygg, helt dei unna husa.

Mor var glad når ho såg den første linerla på tunet om våren, og me la ut mat på fuglebrettet til småfuglane om vinteren.

Men trasta var ikkje velkommen. Ho skvatra og åt i bærhagen om hausten, skeit og åt reint der ho for fram imellom buskene. Folk sette opp blenkjande blekkark i trea, som bevega seg i vinden og blenkte i sola. Nokre brukte luftgevær eller rifle, og traff dei, så  hengde dei fengda opp i bærhagen til skrekk og advarsel for trastefrendar. Det hjalp. Ho skulle vistnok vera etande. Trur onkelen min fekk bestemor til å lage henne til, men det vart med den eine gongen, anten det var bestemor sine kokekustar so gjorde det, eller onkel sin manglande smak for kramsfugl.

 Gauken var i eit mellomlege. Han var fin der han song om våren, og kom du under eit gauketre kunne du ynskja deg tre ting, og dei skulle bli oppfylde. Når du høyrde han første gangen om våren, så var det viktig kva himmelretning han gol frå.  "Nord va någauk, sør var sågauk, aust var giljargauk og vest var viljar gauk," sa dei gamle.
Så høyrde du han i sør vart det eit godt år, høyrde du han frå nord var det nokon som kom til å døy, frå vest fekk du viljen din og frå aust kom du i selskap.  Som vaksen tenkjer eg at det meste av dette ville skje for dei fleste anten gauken gol eller ikkje-.

Men gauken var og ein skurk, ein som utnytta andre truskuldige småfuglar. Han la eit av egga sine i småfuglreir, og sparka ut eit av småfuglane sine egg. Han la i fleire reir, og let han "fosterforeldra" jobbe og ruge ut egga sine. Gaukungen var ruga ut først, og sparka ut dei andre egga or reiret. På skulen fekk vi sjå bilete av dei vakre småfuglane som mata den store gaukungen for harde livet i staden for sine eigne. Vi hadde slik medkjensle med småfuglegga, småfuglane og var skikkeleg sint på den late og utnyttande gauken, som berre kunne flyge rundt og gale koko og la andre jobbe for seg. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar