Donhuset

Yngre utgåve

-No må de gå ut og dona deko! Dei eldre sa det då eg var liten på 50.talet, Det betydde at me måtte ta oss ein tur ut og leike oss.
Doning var så mykje, men i dag vil eg fortelje litt om ulike donhus. Det var det vi i dag kalla leikehus, men dei var litt annsleis enn dagsens Maxbovariant.
Men alle jenter hadde donhus, og nokre av gutane, og.

Eg hadde eit såkalla mobilt hus, bygd opp av dynamittkassar og fjøler til tak. Det flytta eg rundt på tomta etter behov, og mykje av mi doning var nettopp å rive ned, flytte og byggje opp att bustaden. Eg hadde nokre knuste koppar og kar, og på finversdagar var dokka med ut, og var del av leiken. Huset var ikkje særleg høgt, så eg låg som oftast på magen der inne, men av og til endra eg konstruksjonen, og sette nokre av kassane på høgd, og fjølene gjekk på skrå, slik at eg og besøket mitt  sitje inne i huset.
Illfoto

Oddveig, kusina mi, var så heldig at ho hadde fått det gamle utedoet til donhus, og onkelen min hadde  ordna til hyller og kjøkenbenk. På andre sida av veggen var det hønhus, og hønene kakla, hakka i jorda etter makk og maur, og tok seg ein tur inn i sin del av huset for å legge egg. Dei forkynte høgt og tydeleg når det hadde skjedd, og hanen gol rett som det var. Me prøvde ein gong å inkludere dei i leiken, men det vart så mykje kakling og styr, at det vart med den eine gongen

Men vi hadde det annsamt i vår del, og laga skitkaker, middag og nonsmat. Dokkene fekk sin del, og når det var fint ver sat me ute på trammen og åt. Ho Oddveig hadde leikekomfyr med gryter og steikepanne, skikkeleg dokkekoppar med skål, kaffekanne og fløytesett, åttåt dei obligatoriske  knuste tallerkane og koppane, så her var det verkeleg på stell!
Bærtrea stod like i nærleiken, og i sesongen laga vi mat av dei, og vi starta nok litt tidleg, når karten hadde raudna, og underheldt kvarandre om korleis vi kunne få skjeto om me åt for mykje. Noko som hende.-
Nonsmaten kunne vi og ete ute, og då hende det vi var inne på kjøkkenet og laga han
sjølv. Kakaorøre på langebrødskiver var favoritten, laga av kakao, sukker og vatn, Me skar tjukke og skeive skiver, og saman med mjølk smaka det fortreffeleg ute på trammen.

Ei anna av veninnene mine hadde donhuset i nedgangen til kjellaren. Grunnmuren var murt av stein, og inngangen ned til kjellaren var og i murt stein. Vi sat i trappa, og  knuste koppar og kar stod i opningar i veggen. Dokkene var med, og vi laga sølekaker  og leika rolleleikar der vi i fantasien var vaksne som utførte sine daglege plikter.

Donhuset kunne også innebæra at du hadde dyr og buskap. Søster mi fortel at dei hadde eit stort prosjekt gåande på nedsida av ein støypt mur, og dei hadde fjøs med mange dyr og beitemarker,
Sjølv hadde eg og eit donhus med kongler, der grankonglene var kyr og hester, og furukonglene var gris og sau. Fyrstikker var føter, men det var berre herk, så fleire og fleire vart  beinlause etter som
tida gjekk. Eg hadde høner og katt. Øydelagde skiferheller vart fjøs, og taket vart enkelt og greitt løfta av når dyra skulle ha mat og stellast.  Dei gjekk på beite, vart mjølka og stellt. Dei og levde eit nomadeliv, der dei rett som det var vart flytta, frå bærtrea til haugen, fra haugen  til  attmed dammen, og tilbake igjen.

Dagane var fyllte av mykje, også doning. Men etter ei tid vart doninga leik. No er det vel ingen som donar seg lenger.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar