Far min- Åsmund Hagesæter

Opel Blitz
 Det er 60 år sidan han døydde, far min, så altfor tidleg. Eg var berre 12år, pappajente, og sakna han inderleg. Han var fødd i Eikangervåg i 1917, der bestemor og bestefar hadde teke over garden etter oldeforeldra på morsida. Men bestemor døydde i barnseng, bestefar gifte seg opp att med tenestegjenta, som så ofte skjedde i slike tilfelle, og oldeforeldra tok tilbake garden i 1928.
Bestefar og Åsa gjekk med 6 av ungefloken, den yngste berre nokre veker,  gjennom utmarka til Hagset, der dei budde hjå mor hennar, på Knippevedhaugen medan bestefar bygde eit provisorisk hus på Lynghaug på Hjelmås. Dei flytte dit i 1929 og  bestefar laga seg sagverk i Grovæ på Hjelmås, og bygde eit nytt og bedre hus til sin veksande familie.Der flytte dei inn i 1936.
Far og syskena hans hjelpte til både heime og på saga, og tok del i bestefar si interesse for båtar, og var med å bygge om og føre båtane for bestefar. Dei fekk ikkje løn hjå bestefar så lenge dei budde heime, men fekk mat og klede og det dei trong. Dei tileigna seg mykje praktisk kunnskap om tømmer, snekring, båtar og motorar. Men etterkvart som dei gifta seg og fekk familie å forsørge, tok dei lønna arbeid, eller byrja for seg sjølv.
Far hadde sin eigen liten båt under krigen, men selde han då han fekk bygsla seg tomt på heimegarden til mor mi, og brukte pengane for å byggje  hus før han gifta seg våren 1945. Sidan var han stort sett på landjorda.

 Han var ein habil møbelsnekkar, og laga ein god del av møblane våre.Han sette opp ei skykkje med utedo og hønehus, snekra grisehus og sette opp ein garasje med loft som eg og katten lika godt.
Han begynte å bore og skyte ut husagrunnar og kjelder, og hadde fleire bilar før han i 1954 kjøpte seg ein ny Opel Blitz, utan lasteplan. Han snekra han sjølv, og fekk ei stålplate i botn for å hindre slitasje. Han hadde fleire kompressorar, starte med ein liten, og gjekk så over til ein større, som han drog etter bilen når han skulle skifte arbeidsplasss. Lasteplanet var full av bor, slangar, bardunar dynamitt, medan fenghettene vart oppbevart inne i styrehuset. Vi ungane var ikkje gamle før vi hadde lært at dei var farlege. Vi sat jo i same styrehuset når me var med på arbeid. Han hadde vel 3 Oplar før han døydde.

Onkel Erling fortel at far ein gong skaut ut kjellaren i eit hus i Hjelmåsen utan at huset fekk skade. Det seier noko om at han var dyktig i faget sitt.
Far reiste ofte til Bergen for å hente varer han trengte, sement, dymamitt, bensinfat og materialar. Det var ikkje godsbilar den gongen, og ,det var lite hensiktsmessig å ta varene hans med rutebåten.
Då reiste han om Sjauset, Kleivdal og til Isdalstø, og tok ferja til Steinestø. Du måtte nå ferja, elles kunne du bli ståande i ein time, og det var ein time tapt for alle dei ærend han skulle utføre. I dei dagar gjekk husdyra på utmarksbeite, og det var på begge sider av vegen. Kvar mark var stengd av eit le, og alle dei grindene måtte opnast og lukkast forsvarleg forat ikkje dyra skulle forsvinne til naboen.


Far brukte god tid på å argumentere med bøndene for å få dei til å gjerde på begge sider av vegen, og han tilbaud seg å bore gratis i steinane for å få opp gjerdepålar. Det var ikkje få slike han bora, og dermed vart grindene overflødige.
I tillegg til husagrunnar og kjelder, arbeidde han på utvidinga av kaien på Leiknes. Han  med på å lage vegar, og leverte anbud og var med på vegen gjennom Hillesvågen, og hadde fleire parsellar på vegen mellom Hjelmås og Fyllingsnes. Dei var vel kome omtrent til Sauvågen då han døydde.  Han var flink til å finne arbeid, og laga og utbetra gardsvegar, og skaut ut veiter til myrar som skulle dyrkast opp. Vanskar var til for å vinnast over. Der bilen ikkje kom fram, drog hesten kompressoren så langt det let seg gjera, og så skøytte han på med slangar så han nådde fram til fjellet han skulle bore i. Han arbeidde i  Hamre, på Seim og på Lindås, men mest i heimekommunen. Han hadde oftast 1-3 mann i arbeid, og på det meste 6-7. Arbeidet var sesongbetont, og det var ferre om vinteren. Eg hugsar godt ein snøvinter då han måtte seia opp folk på grunn av lite arbeid. Han og mor gjekk fleire rundar, for den som sist var tilsett, var kanhende den som trong arbeidet best.
Utanfor huset var det sanddungar, det var verktøy, bor og slangar  og sement og dynamittkassar i garasjen, og forskalingsmaterial  lødd opp i trekantar på tomta.  Vi fekk bensinstasjon og ramp til å reparere bilar og skifte olje under.  Det var ei lita smie i utkanten av tomta.   Vi ungane leika i sanddungane, klauv i materialane, lista oss inn i garasjen og brukte hamar og spikar, og var i smia og prøvde den kvinande lyden av æsa. Vi fekk vere med på arbeid, og kunne mykje om boring, skyting, fender og fekk rope varsku her. Far lika å ha oss med i arbeidet.  Og ikkje berre oss. Han hadde ofte med seg gutungar. Det var stas å sitja på med bilen hans, og han oppmuntra dei til å ta skular og bli til noko.
Det er visst meir å fortelje.. to be continued.
Eg har ikkje så mange bilete frå kvardagen. Ingen bilete vart teke då. Derfor er bileteta fra fritida.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar