.Døyr reven, så gjeller skinnet", sa jegeren. (Ordspel: gjelle: gi lyd frå seg o.a.; gjelde: ha verdi o.a.)


Det var lite rovdyr i mitt barndoms rike.  Bjørnen var utrydda på min del av Vestlandet. Kari Eidsheim skriv om den siste bjørnen på Hagset i 1757 i boka Slekta etter Petter Martin Hagesæter. 

Ulven fans i dyrehagen, der han var vel innelåst bak høge gjerde, og fekk middag frå dyrepassarane.  Jerven  levde på høgfjellet langt frå oss. Det fanns ei og anna gaupe, men det var nok av folk som hadde gevær, så  det vart mindre og mindre av henne og , utan at nokon syrgde over det.

Reven var der jo, men også han var offer for ei kule, og dei fleste hadde hønene godt inngjerda, og vakta lamma så lenge dei var på heimegarden eller i utmarka.  Det var skotpremie og betaling for skinn, og det gjorde det meir attraktivt å bruke børse for å drepe rovdyr.

Ørna hadde vel eit og anna reir, men det var greit både å skyte henne og øydelegge reiret, for ho tok jo både lam og killingar. Ja, det gjekk fleire historiar om at ho hadde teke småborn og.  Det var klårt at ho ikkje hadde noko å gjera  der det var folk.  Hønshauken forsøkte seg, men dei fleste hønegardar hadde netting over, så han laut nøye seg med  småfugl. Dessutan kunne han og skytast.
Oteren levde av fisk, men langt frå folk, og minken var ikkje vill.

Vi lærde på skulen korleis ein skulle slå ihjel hoggormen. Læraren fortalde, og teikna på tavla. Ein stein på ryggen, så han ikkje reiste seg, og så ein på hovudet så han dauda. ( eller to, for å være sikker).  Det var ormeår då eg var ti, og eg personleg tok livet av ti stykke. Mindre søsken såg på, og lærde teknikken. Utrydningstryga var han så visst ikkje!

Det gammeltestamentlige ordet om at der sivilisasjonen overtok, måtte rovdyra ut, var ei sjølsagt sanning.  Det var ikkje tale om miljøkriminalitet om du drap den siste ørna eller hoggormen i eit område.  I desse MPG tider, så er det greit å minne om at på den tid var dei fleste enige om at  menneska var skapt av Gud, og hadde råderett over dyra. Ikkje for å plage og pine dei, men der menneska overtok, måtte rovdyra ut, fordi dei øydela for husdyra og for tryggleiken til menneska, livskvaliteteten, om du så vil. Det skulle vera trygt å ferdast i mark og utmark for folk og dyr.  Det var ein del av livskvaliteten at ein skulle vandre i skogen utan å vera redd for livet på grunn av rovdyr.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar