Sigmund Husdal - tida på Leiknes og i Knarvik

                                                                 Deltakarmedaljar
Så hadde Sigmund Husdal gifta seg med mor, og fenge 6 ungar i alderen  5-16 år på kjøpet. Han hadde sjølv vakse opp i ein stor familie, og sikkert sakna sin eigen i vaksen alder, så han fann seg godt til rettes. Men det vart vel og ei bratt læringskurve både for han og oss, for me var mange, var i ulik alder og hadde ulike behov.
 Sigmund tilførte familien vår nye interesser. Han var ihuga målmann, og vi vart meir obs på å bruke språket vårt i skrift og tale. Han las mykje, og kjøpte mange bøker, særleg av dei nynorske. Kvar jul vart det også kjøpt inn ein heil del barnebøker frå Samlaget, og han las mykje til dei minste ungane.
Han var interessert i kino og teater, og tok mor og oss eldste med på Den nasjonale Scene og på nye filmar som kom.  Eg hugsar mellom anna at vi såg Marienbad.
Stor var gleda då vi fekk ein liten bror året etter dei gifta seg. Sigmund var stolt og glad over son sin, og vi andre over veslebror. Men han hadde alltid sju, ikkje ein.
Han var ihuga idrettsmann, og lika langrenn, terreng og orientering.
Sundagane skulle helst brukast til tur i skog og mark, og ofte vart bilen fyllt opp av eigne og andre ungar, og den utvida familien var på tur til Gladihaug, ein dagstur til Husdalen eller ein og annan gong til Stordalen.  Å få sportsutstyr var aldri noko problem, og Sigmund brukte gjerne ein time på førehand i garasjen for å smørje ski om det var ein skitur det galdt.  Nysmurde ski med god glid, uansett føre. Det var sjeldan han tok feil!
Vi fekk alltid det vi trong. Vi fekk utdanning, oppmuntring og støtte i det vi held på med. Han brydde seg.
I vekene var han på arbeid, og ofte vekke heile veka. I Sunnfjord og Nordfjord, Hardanger, Voss og Sunnhordland for å bore etter vatn. Eg trur det var godt å kome heim i helgane til sin eigen familie, sjølv om det kunne vera mykje som hende, og lite ro. Ofte hadde han med seg ting han hadde kjøpt, og om hausten ofte eplekassar frå Sogn. Bror min snakkar enno om gleda ved å hente seg ei skål med eple til barnetimen på laurdag.
 Han sleit ut mange bilar, og eg har høyrt om Thames, Fiskepuddingen ( Toyota Hiache), fleire Toyotaer. I byrjinga var dei også sundagsbil, og mange sat i  lasterommet på hagebenk og hagestolar. Dei som vart mest bilsjuke, fekk sitja framme hjå sjåføren.
Sigmund hadde inga gudstru. Den miste han under krigen,  og var mot tradisjonell kristendom. Han kunne ikkje tru på ein Gud som var årsak til så mykje elende som det han såg. Han bruka sundagen til hagearbeid eller i skog og mark. Men på slutten av livet var det som han forsona seg med at Vårherre hadde ein motstandar, og at ikkje alt som hende på jorda var Herrens vilje.

Mor og Sigmund hadde mange turar i lag, både i inn- og utland. Dei reiste på campingtur med Toyotaen, til Kanariøyane med nesten heile familien, til Austeuropa på byferiar, og etter han vart pensjonist,var  dei fleire gongar på Bereia, på forsvarets veteransenter utanfor Kongsvinger. Der var det fine turvegar og løyper, og fint både for dei som ville gå og springa.
Mat skulle ikkje kastast. og restar skulle etast opp. Han åt mange restar til kvelds eller morgons. Det var nok eit resultat av tida som krigsfange i Tyskland.
Han plukka skogsbær og reinsa dei, så mor skulle ha minst mogleg arbeid med dei. Vi hadde mykje godt blåbær- og bringebærsyltetøy om vintrane..

'
                                              Noko av medaljehøsten gjennom eit langt liv

Sigmund var glad i å konkurrere.  Han deltok i tallause langrennsløp, i terrengløp og orienteringsløp, og var med å leggje løyper. Han vann mange premiar, og hadde mange medaljar og pokalar.
Eit kvart menneskeliv har både opp- og nedturar. Han og mor var alltid til hjelp for oss ungane når me trong dei. Dei intresserte seg for det vi held på med, kom på besøk og vi var mykje hjå dei.
                                                  På besøk på Nordmøre. Alltid verksam

Då barnebarna kom, fortel dei om kor godt det var å koma til bestemor og bestefar, og spesielt dei eldste har mange gode minne frå turar med bestefar, anten det var skirenn eller Jølstervatnet rundt eller vedhogst i Husdalen.Som ihuga og dyktig idrettsmann lærde han dei mykje. Han prata med dei, lærde dei praktiske ting med trening og arbeid, og hadde tid. Alltid oppteken av dei. .

                                                                Medaljetildeling

Som pensjonist dreiv han med mange ting. Han hadde ein fin hage, og dyrka  grønnsaker og poteter i bakken bak huset. Han var med i friviljug arbeid, med i Venstre og var ivrig i idrettslaget.  Han dreiv med vedhogst. Av og til var svigersønene med. Men konkurranseinnstinktet fornekta seg ikkje. Ein av svigersønene fortel at ein gong dei veda, og skulle bera stammane ned til vegen, ville Sigmund at dei skulle kappast om kven som bar flest  trestammar på kortast tid.
Ved slutten av livet vart han tunghøyrd. Han hadde drive som smed, i gruver og med boremaskiner utan å bruke hørselsvern. Det var ikkje rart høyrsla vart dårleg.  Han brukte høyreapparat siste tida.

Mor og Sigmund flytta til Knarvik for å vera nærare butikk og sosiale- og helsetenester. Dei første åra budde dei i eldrebustad, seinare måtte Sigmund flytte på på aldersheimen.
Parkinson sjukdom  tok over, og han fekk vanskar med å orientere seg både i tid og rom.
Men idrettsmann var han lenge. Han sprang, og gjekk turar. Mannen min fortel at ein gong dei gjekk tur ved idrettsplassen i Knarvik, kom det nokre ungdommar springande for å varme opp før fotballkampen. Sigmund gjekk med stokk, men vart riven med av dei som sprang, og auka tempoet etter ungdommane, så han gløymde både stokk og seg sjølv, og helt farten med ungdommane bortover langsida. - Dei slutta jo så tidleg, sa han, og såg ut som han kunne sprunge lenger.

Det er så mykje meir å fortelja, men dette var litt meir om han som vart stefar vår, og far til sju. Fred over minnet!


                                                                      I arbeid i hagen

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar