Åsmund Hagesæter del 2



Eg har minne om ein god og snill far, som var glad i ungar. Han likte å ha oss omkring seg, og tok oss ungane med seg i bilen og på arbeid. Han hadde det vi må kalla ein naturleg autoritet, for han heva sjeldan stemma, for vi lydde han fordi vi visste han var glad i oss, og ville oss det beste.
Han tok oss med på søndagsturar. Det var skikken, at han tok med ungane ut, så fekk mor litt fred, til å gjera husarbeid, laga middag, og kanskje lesa litt. Dei første minna eg har er turar etter storvegen, der far møtte andre karar, prata, og vi leika i vegkanten. Så vart me utålmodige, og hang i armane på han for å få han til å gå vidare. Men det tok si tid, for han var glad i å prata.
Så var det søndagsturar med Opel Blitz, til Hjelmås for å besøke bestefar, til Eikång for å besøke onklar og tanter, og for oss ikkje minst søskenbarn, som det gjekk an å leika med.
Ein gong sette han til og med overbygget på bilen, samla nokre av slekta og reiste heilt til Sletta på Radøy, der han hadde ei tante. Det var ei heil reis, med ferje frå Alversund til Alverstraumen, og vidare på små bygdevegar heilt til utkanten av den  forblåste øya. Eg hugsar enno at ferja hadde innkjørsel på langsida av båten, at me fekk gamalost hos ho Anna, og at far presterte å kjøre frå meg, så me helt på å miste siste ferja heim att. Det kunne vorte litt av ein katastrofe, for telegrafstasjonane var stort sett ikkje opne sundag, så ingen heime ville ha fått beskjed om vi måtte overnatta. Men til alt hell, han var open på Radøy, og ferja venta.

Som eg har nemnd før, hadde vi og ferieturar med Opelen. Vi var og såg på Fyksesundbrua i Hardanger, som den gongen var ei av dei lengste i Noreg, med høgt spenn over Hardangerfjorden.  Me brukte to overnattingar på turen, og kjørde på utsida av Tokagjelet og over Kvamskogen. Seinare hadde me den berømmelege turen til  Ålesund for å besøke onkel Erling, som gjekk på Møre ungdomsskule, og far hadde vald ut fleire spektakulære vegstykke, som Stalheimskleivane,og Åndalsnes.  Heimturen gjekk om Gudbrandsdalen til Lillehammer, og vi reiste Måbødalen, Kinsarvik, og sjølvsagt Tokagjelet og Kvamskogen heimatt. Alle desse vegstykka låg i den tida utanpå fjellet, og vi  snirkla fram og tilbake gjennom svingane . Vi brukte ei veke, og var 10 menneske. Nokre låg i slokabol i bilen, og andre i telt. Vi kokte på primus, og tok nokre middagar på kafe. Ein strålande tur, syntes me.
Mor og far hadde 4 jenter. Han sa til mor at han kunne gjerne få mange jenter, men han ynskte seg ein gut. Så kom dei siste, gut og jente, der den yngste var gut. Vi har eit bilete av oss alle saman , der far sit med den nyfødde guten på fanget. Det er tydeleg at han er stolt!

Far var lett å be om å kjøre. Han hadde lova å køyre material til Os sør for Bergen, og skulle ta helga til det. Så fekk han tid til å stikke innom syster si, Magni, som var gift der oppe. Me ungane masa om å få vere med, og til slutt vart det slik at Åsta på 6 og eg  fekk lov å vere med. Far hadde hatt litt vondt i hovudet, og tenkte på å la vere å reise, men det meste kurerte seg i den tida med Globid, så han tok to stykke, og vi reiste.
Ungane var avlevert hjå tante Magni, og han drog for å lesse av materialane.  På natta vart han sjuk, dei henta dokter og han vart sendt på sjukehuset i Bergen. Eg vart vekt, og han tok farvel, og bad meg ta vare på Åsta.
 Det var hjerneblødning, og han gjekk i koma, og var lagt i respirator.  Det vart ingen teikn til bedring, og om han vakna nokon gong, ville han være  mykje hjernedød ( vegetativ). Etter nokre dagar vart pusteapparatet slege av, i samråd med pårørande, fekk eg vite seinare.
 Kista kom heim med båten, og vart plassert i  garasjen. Vi ungane fekk ikkje sjå far, men eg har blitt fortalt at mor var nede hjå han, og då ho kom opp att var ringen på venstre handa.
Gravferda starta i Midtgard bedehus, der han vart songen ut, og eg hugsar enno då vi fylgde kista, og eg var ved Kleiva, og såg det store følgjet som ville fylgje til grava. Dei strekte seg ned på Hannisdalsjordet! Det vart som ei trøyst at så mange sakna far, og ville fylgja han på den siste ferda.  Det gjekk skøyte frå kaien på Leiknes til Hamre kyrkja, og båten var full.
 Ein mann i sin beste alder, 39 år, hadde gått bort. Mor var 33 år gamal,enkje, og sat att med 6 born i alderen 12- til 1,5 år. På gravstøtta står det : Elska og sakna. Vi kunne ikkje skjøna at han var borte.

Men det var mange fleire som  sakna far: Slekt, vener, arbeidsfolk og bygdefolk. Seinare har eg høyrt at det var fleire av dei eldre gutane som gret då dei fekk vite at far var død. Han hadde sett dei, teke dei med på køyreturar i bilen, lete dei få småjobbar, og oppmuntra dei til å stå på og ta utdanning når tida kom.
Fred over minnet!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar