Med far på arbeid

                                             Foto Jan Erik Hagesæter
 - Du må vakne,  Britt! Far riste lett i meg, og eg var vaken med ein gong. Eg skulle vera med på arbeid.  Ein kattevask i andletet, ei brødskive og ein kopp mjølk, og åtteåringen var klar for dagens utfordringar. Far og mor hadde berre døtre, og på folkemunne var eg kalla guten hass Åsmund, fordi eg vel hadde lagt meg til litt gutefakter sidan eg ofte var med far.
Far var glad i ungar. Han likte å ha oss rundt seg, og tok oss gjerne med både på turar og i arbeid.
Vi gjekk på skulen annankvar dag, og såleis var det ein del dagar heime.  Dei vart bruka til å hjelpe til, og lære seg dei nødvendige syslene som barnepass, ymse slag reinhald og litt matlaging. Dessutan var det ein dag for leik, og litt lekser. Ein strålande dag, spør du meg!
                                                           Gamal kompressor frå nett
 Far reiste på arbeid kvar morgon. Han dreiv entrepenørarbeid, og ofte var det å bore husagrunnar eller etter vatn, få unna steinar når bonden skulle veite, eller skyte vekk bergnabbar når nokon skulle lage ny veg.  Han hadde lastebil til å frakte utstyr, og drog ein kompressor etter bilen.
Det var stort å få vere med far på arbeid! det var noko anna enn å passe småsysken og vaske opp! Du steig i gradene med ein gong.
Eg skulle vere med heile dagen denne gongen. Far skulle bore ein husagrunn i Eikongmarka, og skulle vere borte heile dagen. Vi hadde smurt mat, far hadde laga kaffi på termosen, og eg hadde vel fått mjølk på ei glasflaske. - Ta på deg gummistøvlar, sa far. - Det kan vera blautt, og kanhende er det orm. Eg tok dei på, litt motvillig.
Det tok nesten ein time å kome fram til Eikong den gongen. Du måtte om Hjelmås, Va, Høyland og like til nedenden av Eikongvatnet, der to av onklane mine, Ingebjørn og Eivind budde. Vi hadde tid til ein liten prat før me køyrde eit stykke innover kjerrevegen i marka. Men kompressoren stod litt langt unna arbeidsplassen, og eg skulle vera med for å slå på og av maskina. Frå kompressoren gjekk det ein lang slang med kompressert luft, som var knytt til boremaskina, og dreiv boret nedover i fjellet. .
                                                       Eldre utgåve
Me kom fram, Far parkerte bilen, og han gjorde kompressoren klar. -Gjer slik, sa han og viste meg korleis eg skulle opne for lufta og starte maskina. Vi ( far)tok med oss eit par bor, litt dynamitt, fenghetter, tennsatsen,  og sjølvsagt  maten før me gjekk bortover til arbeidsplassen.  Far gjorde seg  i stand til å bore -  Gå og set på kompressoren. sa han til meg, Det var litt skummelt å gå så langt åleine, for det kunne vera kyr i området, men eg fekk utført oppdraget utan komplikasjonar, og kom tilbake. Far hadde teke til å arbeida, og eg sysselsette meg sjølv med å gå på oppdagingsferd, og leita etter blåbær, sjå på terenget, finne blomar og alt det ein sju- åtteåring kan finne på. Eg hadde fått beskjed at eg måtte passe meg for orm, men det var vel ikkje den ormen som utstod bråket frå boremaskina, vil eg tru! Han kræla seg vel i sikkerheit det fortaste han vann!

Det var vel eit tre å klatre i, og av og til var eg bortom far og spurde kva klokka var. Eg måtte rope høgt, for boremaskina dura og slo, men eg vart forstått.
- Slå av maskina, sa han så, og eg  tutla i veg for å trykke på rett brytar.   
Me hadde matpause, og sat under eit skyggefullt tre og åt brødskiver med sveitt ost og pølse. - Får eg litt kaffi? spurde eg bedande, og far slo litt kaffi i mjølka mi. Gjett om eg kjende med vaksen! Elles skulle ungar drikke mjølk, og få sterk beinbygnad og sterke tenner.

Det var varmt, og vi lauga oss i tjønna like ved. Far hadde badebukse, mens eg bada i underbuksa. -Gå uti der, sa han til meg og peika på ei lita strand der det var trygt for med å gå uti. Sjøl  sumde han nokre tak på djupna, men åtvara meg mot å gå dit vassliljene var, for der var grunnen utrygg, og vi kunne søkkje. Så vi fekk nøye oss med å sjå blomane på avstand. Det var varmt, og me let sola tørke oss.
Etter måltidet gjorde far i stand grunnen til skyting.Hola var lange nok, og han  pressa dynamitt nedi borehola, feste fenghette til dynamitten, og knytte fenghettene frå dei ulike borehola saman med skyteledning, festa dette til tennboksen.



                                              Litt nyare utgåve av ferdig grunn
Han la på barduner som skulle ta av for smellen, og så var det tid for  å ta apparatet med seg eit stykke unna. Han bad meg springe langt unna, og peika på haugen eg skulle liggje bak. Han sjølv stod  også eit stykke på avstand og  ropte : - Varsku her! Fyr være her! Eg ropa - Varsku her! Fyr være her! av mine lungers kraft, for det høyrde med! No var det vel ikkje så mange i omkrinsen, men ein visste jo aldri! Kyrne held seg klokeleg unna. Far  trykkte på knappen.

 Brått steig ein sky mot himmelen, stein og skit og barduner for opp og fall ned att med ein øyredøyvande smell.
 (Då det seinare vart snakk om å trykke på knappen for å utløyse atombomba, hadde eg livlege bilete i mitt eige hovud om korleis det ville bli!)
                                                      Skyteledning
Far fortalde seinare at det hadde beva i eit nærliggjande hus, men glasrutene stod heile.
Så tok han  til med oppryddinga, og eg fekk og hjelpe til, det vil seie, eg leita etter skyteledning. Desse fargerike ledningstubbane i grønt, gult, raudt og blått var ettertrakta, for dei kunne brukast til så mangt, knyte saman, laga smykke,  gjerder i leikestova ja,you name it. Dei var og eit greit byttemiddel når du møtte andre ungar.

Etter litt meir opprydnig var det tid for heimferd. Far tok med seg sekken med den knuselege termosen, fenghetter og tennsats,  nokre bor og slangar attende til bilen. Onkel Ingebjørn var ute og stelte med bilen,og far slo av ein prat. - Eg er  ferdig med skytinga no, sa han. - Neste veke vert det opprydding og forskaling.  Så  reiste me den lange vegen heim att.  Me hadde gjort eit arbeid. - Du  har vore til stor hjelp og nytte, sa far. Eg vaks.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar