Tannlegebesøk på 1950-talet.

Dette innlegget har vore lagt ut før, men eg tenkte eg ville leggje det ut ein gong til, i takksemd over at verda går framover, og tannlegebesøk med ho!


 - Det har kome innkalling frå tannlegen! Læraren braut stilla ein vanleg mandagsmorgon, der du sat og tenkte på alt og ingen ting, glad for helga som hadde vore. - Det blir 4 kvar gong( eller var det 6?), og dei fyrste på lista er Kari, Britt,  Kjersti og Ola. Bang! Kvardagen var bekmørk, hjarta dunka og du såg for deg senario fortalt frå andre elevar, om denne inkvisjonens etterfølgjar: skuletannlegen.
Dette var i  midten av 50-åra, og tiltaka for å betre barna si hele var i sin spede begynnelse. Kommunen betalte for tannlækjar til borna, for å unngå at så mange fekk gebiss så altfor tidleg.  Men truleg betalte dei ikkje så altfor mykje, for det gjekk rykter blant oss ungane om ein sur, sadistisk halvfull mann som hang på boret for å gjera pina større.
Tidleg opp om morgonen, og bleike om nebbet tok vi rutebåten til bydn for å underkaste oss terrorregimet. Han held til i Strandgata, i andre etasje. Det var heis, og nedslitte trapper, og eit venteværelse i mørke brune nyansar, gamle stolar og eit bord med lesestoff som Urd og anna barnevenleg litteratur. Vindauga gjekk det ikkje an å sjå gjennom, fordi namnet til tannlegen stod på yttersida av det ruglete glaset.
Då du hadde kvidd deg ei stund, og Kjersti kom ut med smil om munnen fordi det ikkje var noko særleg, og Ola hadde tårer i auga og svor at denne mannen var Rinnan junior, så så kontordama at det var din tur.

Vel inne ser du stolen, boret, lampa , skapet med alle reiskapane, spyttebakken og plakaten som fortel korleis du skal ta vare på tennene dine for å unngå hol.  Du rekk så vidt å angre på alle kronestykka du tagg av far for å kjøpe bringebærdrops, før du sit i stolen og får beskjed om å gape opp. Du gapar, men for lite -Gap opp, seier ei utålmodig stemme, og du gapar. Spegelen fartar omkring i munnen  din,  og så skal det borast. Inga bedøving, inga kjære mor. Det borar og borar, vondt gjer det, du spyttar, må gape på nytt, og det borast igjen.

Tampongane blir blodige, og må skiftast ut, du spyttar, og boret er der igjen, denne helvetesmaskina som kveser seg ned i den eine tanna etter den andre, og aldri blir ferdig. - Tre amalgam, seier tannlegen til slutt, og pressar materialet ned i tennene, og pussar. Du skyl og tannlegen  pussar, og så er du  ferdig for denne gongen. Med formaning om å pusse tennene, ete lite gotteri og drikke mjølk er du ute att. Heller ikkje skulle ein ete dei første timane!  Og ein var i bydn!  Eg tenderte nok meir mot pinsle og terror når  eg skulle fortelje korleis halvtimen inne i helvetes føregard hadde vore.
Om du  måtte trekkje tenner, skjedde det oftast utan bedøving, for den var dyr, og  tanna skulle jo ut snart likevel.
Min barndoms skuletannlege er eit vondt minne. Heldigvis let mor oss etterkvart gå til sin eigen tannlege, tannlege Yri i Sandviken. Me gjekk av båten ved slaktehuset, og tutla opp mange trapper til det vesle kontoret hans. Der var det vekeblad på venterommet, og me  fekk  bedøving. Mange hol hadde eg framleis, men det vart meir handterbart hjå denne tanndoktoren.

Bileta er tekne på  De Sandvikske samlinger på Lillehammer

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar