Julefestar




Dalebygden var ei lita bygd. Det budde vel ein 70-90 husstandar der, og då rekna med alle småstader i utkanten.  Det var 4 forsamlingshus der: skulehus, 2 bedehus og eit ungdomshus.
Alle desse hadde julefestar, så den vesle bygda hadde 5-6 festar i og etter  jula. Ja, av og til, når yngres hadde sine glansdagar, hadde ungdommane  julefest på bedehuset.
Det starta med 2.dagsfest på ungdomshuset. Pynta juletre, og festkledde menneske. Det var julesongar, tale for dagen, opplesing og lettare underhaldning, og så rydda ein salen, og sette benkene langs veggene, og drog juletreet fram på golvet. Då var det sjølvsagt  gang kring juletreet. Det var fleire ringar, og derfor måtte ein passa på å snu, slik at dei inste ringen ikkje skulle bli svimre av å gå same vegen.

 På scena var det bord, pynta med kvit duk og granbar og små julenissar.


Koppen var kvelva i tefatet, og når kaffikanna og sjokolademugga kom på bordet, var det berre å snu drikkekaret og fylle oppi. På kjøkkenet hadde ein gjeng vore i sving og smurt skiver, delt på skrå, og pålegget var brun ost og kvit ost, egg og ansjos, egg og tomatar,  fårepølse, etter kvart servelat og kaviar. Julebrødskiver med ost var og fast takst.


  Ein song bordvers, og folk tok føre seg av maten. Kaffifløyte og sukker vart sendt rundt, og ein og annan unge lurte seg til ein halv kopp kaffe med like mykje fløyte, og litt sukker. Etterpå var det ny gang rundt juletreet, opplesing og leikar. Då dei siste starta, var det eit signal til dei yngste ungane om at dei burde gå heim att. Mor mi var streng på slikt, så klokka 10 var festen slutt for mitt vedkomande. Men folk  heldt fram i mange timar, med songleikar og dans.



4. dag var det fest i skulehuset, der læraren og ungane stort sett styrde. Stort juletre, tidlegare pynta av dei eldste jentene, og så var det tale, song, opplesing og juletregong. Me hadde mat med, julekaker som me åt i pausen, og om det var utdeling av frukt hugsar eg ikkje.  Etterkvart vart det songleikar, og om ein klasse hadde øvd inn songar eller opptrinn, viste me det fram for dei andre. Eg hugsar eg fekk beskjed å mime då me song. Ikkje akkurat oppløftande for songgleda.  Ei av dei eldste jentene las eit stykke av eit julehefte, og så song og leika me att.

                                       
                                               ( Nyare utgåve. Bilete frå heimesida deira)
Bedehusa hadde sine fester til ulike tider, men det var oftast både sundagsskulefest og vaksenfest både hjå pinsevennene og indremisjonen.
Eg veit mest om festene i indremisjonshuset, for me fekk ikkje gå til pinsevenene. ( Det var skilje, sjøl i ei så lita bygd.)
 Så her må andre kome med utfyllande merknader om korleis festane der var. Men det  var det tale og song, og så vart salen her også rydda til juletregong.  Då eg vart eldre, fekk eg vere med å smørje skiver, og lærde at ein skulle bruke mykje smør utmed skorpa. Det var det same pålegget som eg har nenmt tidlegare, og når eit fat var ferdig, la ein over eit kjøkkenhåndkle og av og til bar ein fatet  på bedehuslemmen forat det ikkje skulle verta for varmt for pålegget.  Folk sessa seg rundt bordet, og på  sundagskulefestane var det borna først. Kakao til borna og kaffi til dei vaksne her og.





 Det pleidde vera to bordseter, og på siste kom ungdommane seg til bords. Då song dei av ein eller annan grunn " Ramnungar ropar" som bordvers, medan " Himmelske Fader" var brukt for dei som åt i første omgangen. Etter maten song me takkevers, og så var det juletregong.  Den gongen kunne me julesongane, for me lærde dei på skulen, og repeterte dei kvart år. Så song kvar med sitt nebb gjennom rundane, leidd av ein forsongar ( som hadde songbok). Då son min var på julefest nesten 40 år seinare, skjøna eg at juletregong var ei uforståeleg greie. Han kunne ikkje julesongane, og då vart det mil etter mil etter mil utan meining!

Me hadde pause, fekk oppskorne appelsin og eplebitar, og så las einkvan frå søndagsskolebladet Blåveisen eller eit anna julehefte, og det kunne vera opptrinn eller at nokon som song litt, før me avslutta  med gang rundt juletre.
Den vaksne festa på bedehuset hadde same mønster, men her var det fleire som tok del med underhaldning. Grupper song, nokre hadde eit juleminne eller ei formaning å kome med, og det var opplesing. Denne festen avslutta alltid med at alle stod kring juletreet og song " Den himmelske lovsang. " ei høgtideleg  og tankevekkjande avslutning.

                                                             ( bilde fra Youtube)
No i ettertid undrast eg korleis ei lita bygd kunne stelle til så mange festar.  I våre dagar er det vanskeleg å dra i gang ei julefest i ei bygd. Men den gongen var festene eit høgdepunkt i  jula, og dei fleste var på fleire festar. Me ungane gledde oss til alle, og var på mange av dei.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar