Alf Fyllingen (Svingen)



Han var fødd og budde i svingen nedanfor huset hans bestefar, og fordi det var to Alf Fyllingen  på Hjelmås, så vart han heitande Svingen.
Far og Alf var mykje i lag under oppveksten, og det var dei to som tok bil over Soddalskaret og til Hodnesdalen før brua over Leiknesvågen kom i 1949.
Eg trur far og han var omtrent jamgamle, og begge fann dei seg kone frå Leiknes. Far bygde seg hus i utkanten av heimegarden til svigerfar sin, og Alf bygde  seg hus i  i utmarka til svigerfar sin, i Tångamarka, som i den tid låg eit stykke frå vegen, inne i den ulendte  utmarka. I den tida la ein tomtane på stykke som ikkje hadde nokon verdi for gardsbruket.  (No er området brote  opp av ei skjering på  E39,  som går frå Hopdalsvegen og over til Leiknes, akkurat der.) Dei hadde uthus, og høner, som dei fleste etter krigen. Eg trur hønene  gjekk fritt på garden, for eg hugsar det var litt spenning for 7-8 åringen med ein hane som spankulerte omkring,  men eg kan ikkje hugse at dei hadde andre dyr.

Alf var gift med Oddny, yngste dottera på Tången, og dei hadde tre born, Oddvar, Reidar og Leikny, som var yngre enn meg, og som eg difor  ikkje kjende så godt. Dei gjekk vel på skule med syskena mine.
 I den tida var det vel 10-15 minuttar å gå, gjennom utmarka.frå oss til dei.   Eg gjekk forbi der for å besøke syskenbarnet mitt, ho Oddveig, som budde i same utmarka , litt lenger ned mot sjøen.

    Kart over Norhordland. Han måtte heilt nord omtrent til Kålsås før han svinga mot Eikangervåg.

Kva han arbeidde med i byrjinga etter krigen hugsar eg ikkje, men eg trur han  ei tid køyrde ein av  fiskebilane hans onkel Ingebjørn. Det var lang arbeidsveg, for då måtte han køyre om Va og Høylandsmyr for å kome til Eikanger, der fiskematen låg, , og køyre ruter i gamle Hamre og delar av Lindås, før han returnerte same vegen heimatt om kvelden. Men dei hadde ikkje så mykje val om dei ville ha arbeid. Dei måtte ta den arbeidsvegen det baud seg. Men det kan ikkje ha vore så mykje tid til familieliv. Fri på laurdag vart først innført på 60-talet.
Me flytta til Flossvik, og far starta opp med ein liten bensinstasjon, som mor etterkvart fekk ansvaret for.
Alf tok til å arbeida hjå far min, og var då med på boring, støyping og vegarbeid. Han vart etter kvart godt inne i arbeidet, så då far døydde då eg var 12 år, var det han som hjelpte mor, og vart hennar betrudde medarbeidar.  Han køyrde saman med henne for å sjå på arbeid, og han køyrde kompressor og boremaskin, han skaut  og støypte. Han hjelpte også mor å lærekøyre med Opelen, og var  borte hjå oss om kveldane for å diskutere arbeid og planlegge vidare. Mor sa eingong at ho ikkje skjønte at Odny, kona hans, let han gå så mykje til henne  om kveldane, og ho gav uttrykk for stor takksemd for at Alf støtta henne  medan ho vidareførde firmaet hass far.   Då tenkte eg ikkje så mykje på det, men når eg vart eldre, har eg kjent stor takksemd forat han hjelpte mor, og dermed var med å skaffa levebrød til ein familie på 7 dei første åra etter far døydde.
Alf overtok firmaet hass far etter eit par år. Kor lenge han hadde det, veit eg ikkje. Nokon som hugsar?
                                               

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar