Bryterne til lyset står i mørke






Det vert fortalt at ein BNR-sjåfør kom køyrande ruta si tidleg på morgonen , og stoppa for å ta på ein passasjer. Det var predikanten Emanuel Minos, ein svært mørkhuda mann opphavleg frå Afrika.  Det var  ikkje eit svært vanleg i Lindåsbygdene på 50-talet, så i forfjamselsen trekte han i hendelen  så døra gjekk att, før han opna den på nytt og sa:- Det vart mørkt, ja, i det han sleppte passasjeren på.

Mørke var mørkare då eg var barn. Det var ikkje så mange utelys. Det var nok  eit utelys utanfor dei fleste inngangsdører. Det hang  og eit og anna lys på lysstolpane etter vegen, ikkje særleg logisk sett opp, spør du meg. Det var lys i vegkryssa, eit lys før Brunæ, eit i Sudmannsbakken, eit i svingen før Flossvika, og det var det. Andre vegen hugsa eg ikkje, men det var ikkje mange. Dei fleste sløkte utelyset utanfor huset om natta, så det var mørkt, særleg når det var overskya eller  regn. Då kunne det vera beksvart, ikke berre tussmørke.

Så var du ute etter sola hadde gått ned, så var det mørkt, og du hadde godt høve til å sjå underlege figurar i skuggane. Ikkje minst høyrde du lydar. Ugla ulte sitt uhyggelege uhhu, og det knest og brast både her og der. Ein livleg barnefantasi trudde både på tussar og troll, og  var ikkje trygg for at ein av dei fire store rovdyra hadde teke ein tur til Leiknes i mulmet. Eg auka farten, og mulla både Fadervår og oppbyggelege songar til eg ålsveitt  såg utelyset heime. Eg hugsa så vel strofa : - med et Fadervår i pakt, skal du aldri gyse. Så eg hadde ikkje rosenkrans, men Pater noster vart repetert, på norsk sjølvsagt! Om katten kom mot meg med rova i været, var det verste unnagjort. Han var selskap, og kunne sikkert verna meg både mot rovdyr og vætte.

Du trengte lommelykt for å ta deg fram, anten du skulle henta mjølk på meieriet, ein tur på utedo eller heimatt etter besøk.På utedoen var det ein spikar å henge lykta på medan du gjorde ditt fornødne. Lyskjegla skapte lys der inne, men det var mørke skuggar. Ofte var ein glad for å kome innatt! Heimatt frå visittar var det ofte raskare å gå ein markaveg, men då måtte du sjå deg nøye føre. Lyskjeglen var ikkje stor, og det var lett å stiga utanfor stigen, eller nedi eit sjeddikje ( sølepytt). Då hende det at du vart dyane ijønåvåt på beina, for det  gjekk det over skorne, og du vart blaut og skiten før du kom heim.
Det var elles spanande å lyse inn i mørkret, og så at det forsvann i lyset. Det understreka det som vart fortalt: at lyset var sterkare enn mørket. -Tenn eit lys i staden for å forbanne mørket sa Konfucius . - - Eg er lyset i verda, sa Jesus. Lommelykta illustrerte  det me lærde.

Etterkvart fekk eg sykkel med lykt, og det gjorde det mykje tryggare å ferdast ute etter det vart dunkelt ute.
- Men vi såg himmelen over oss. Stjernene lyste, og du såg stjernebilete både rett over deg, til høgre og til venstre.  Månen blinka, og me lærde tidleg forskjellen på veksande og minkande måne. Vi visste at månefasane var ca. 30 dagar, og at fullmånen kom tilbake med cirka ein månads mellomrom. Himmelen var vakker, og det var lite lys på jorda som forstyrra synet av ein stjernefyllt himmel. Stjernehimmelen var din ven, og dei enkelte stjernene blinka til deg, og lyste deg heim.

Solformørking kan eg hugsa det var ein gong. Me tala mykje om ho på skulen på førehand, men eg hugsa eg vart skuffa. Det var mørkt ein liten halvtime, og så vart det lyst att. Ikkje noko særleg å bry seg om, altså! Det var sikkert måneformørkingar og, men eg kan ikkje hugsa at det gjorde så stort inntrykk. Litt mørkare ein halvtime var ikkje noko å bry seg om, i alle fall når dei vaksne var i nærleiken!  Mørkredd eg, ? Nei, ikkje då.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar