Ein ven frå bokhylla: Heidi.






                                                            

Det hender det er minnetørke. Ikkje så rart. Eg har skrive 227 innlegg på bloggen, og det er  mykje på eit så snevert område som eg hentar tilfang frå.
No driv eg og ryddar i bøker, tek vare på og kastar. Bøker er vener, og av og til er det særs koselege attersyn.  Her er ei av dei eg las som barn. Eg minnes også at læraren vår, Andreas Midtgård las henne som fortsettelsesforteljing på slutten av dagen. Truleg var det i 4. klasse., og eg lånte ho i alle fall 2-3  gonger etterpå, medan eg gjekk i storskulen. Ei god bok kunne ikkje lesast for ofte!

 Heidi var opphavleg skrive i 1880,av Johanna Spyri  frå Sveits.  Det handlar om ei lita jente som vert sett bort til bestefar sin. Han har flytt frå bygda, og bur i ei hytte langt til fjells. Han er einsam, uvenleg og nesten mannvond. Han og Heidi finn kvarandre imidlertid, og ho veks opp i saman med bestefaren i einsemda, ho steller geitene saman med han, og

 ho gjeter  med gjetarguten Peter, besøkjer heimen hans, og blir kjent med mor og den blinde bestemor hans. Heidi har det bra.
Hatten minna Heidi om tida hjå bestefaren.

Tanta hennar, Dedi, tek ho imidlertid med  til Basel, der Heidi skal vere selskap for Klara Seseman. Ho er lam, og treng ei vennine. Heidi kjem inn som eit frisk pust i tilværet hennar, og naturbarnet skaper liv og røre i kvardagen. Heidi trur ikkje ho klarar å lære å lese, men bestemor til Klara, som kjem på besøk, oppmuntrar henne, og lovar ho ei bok om meistrar lesekunsten. Snart kan Heidi lese, og ho får boka, der ho særleg synest om forteljinga om den bortkomne sonen, og korleis han kom heimatt til faderhuset.
Heidi dreg heim kattungar, og dei får ein fattig lirekassegut på besøk. Han  spelar for dei, til glede for henne og Klara, og til bestyrtelse for husbestyrarinna. Men Heidi lengtar heim att, og til slutt viser det seg at ho er spøkelset som om natta låser opp attlæste dører. Ho har månesykje, og må heimatt forat sjukdommen ikkje skal bli varig, seier doktoren.
Heidi blir i huj og hast sendt med tenaren som eskorte til landsbyen. Ho har med seg klede og gåver, og bestemor til Peter får mjuke brød som ho slepp å bløyte i kaffien for å få i seg. Ho har ingen tenner, måvite.

Heidi dreg åleine frå landsbyen og opp i fjellet til bestefaren, og gleda vert stor når dei møter kvarandre. Han reier opp senga på hemsen, og Heidi søv godt gjennom heile natta for fyrste gong på lenge.
Ho fortel bestefaren om den bortkomne sonen, og den angrande bestefaren fattar håp, ber Gud om tilgjeving, og dei dreg saman til kyrkje på sundag.  Bygdefolket tek imot den heimvendte bestefaren med opne armar, og bestefaren bestemmer seg for å flytte attende til huset i landsbyen. Dermed kan Heidi også gå på skule om vinteren.

Boka har prega heile verda sitt syn på Sveits. Ho er omsett til over 50 språk, og er vel gjeve ut ei 8-10 utgåver berre i Noreg, 3-4 av dei på nynorsk. Mi er frå 1946, på eit herleg gamaldags nynorsk.  Det er nokre svartkvitbilete, elles vert  alt overlete til fantasien hjå dei som les. Seinare har m.a. Haldis Moren Vesaas omsett boka. Det er  spela inn 15-20 Heidifilmar, Nokre er også teiknefilmar., den siste i 3D animasjon i 2015.
Då eg las meg opp på tema, stod det at boka var ein danningsroman, altså ein roman som fortel om ein person sitt livsløp, korleis ein person utviklar seg gjennom prøvingar og modning fram til dannelse. På Wikipedia vert dannelse definert slik:
"En persons sett av allmennkunnskaper, kulturell oppførsel og innsikt som det tradisjonelle samfunnet vurderer som høyverdig og fint."

Denne boka viser altså korleis naturbarnet Heidi går gjennom prøvingar, tek imot danning og lærdom,  for så å vende tilbake til sitt opphavlege miljø. Landsbygda vert i beste romantiske tradisjon sett på som den beste staden å leve.  

Men då eg las boka på nytt, slo det meg korleis ho la vekt på det positive.  Heidi tilpassar seg forholda, og nokre av menneska forandrar seg til det betre, og skurkane lid nederlag. Ho kjem attende til bestefaren, og hennar lyse tru endrar han. Bestemor til Peter får eit betre liv, og lansdbyfolket tek imot ein bestefar som har endra seg.  Boka gjev på sin einfelde måte tru på  det gode, og at dei positive kreftene  sigrar.  Ho har ein bodskap eg saknar i mykje av barnelitteraturen i dag. Du får lyst til det gode.
Så er Heidi ein ven du har i bokhylla, ta henne fram og les på nytt! God lesing!
Bileta er delvis frå Heidiboka mi, og fargebileta  er teke frå nettet

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar