Bestefar Ragnvald Leiknes




Eg skulle lenge ha skrive om bestefaren min frå  Leiknes. Men eg kjende han ikkje så godt. Han var ein fjern person for meg. 
Han var yngste son til Andreas Leiknes, og skulle såleis ikkje arva jorda. Fødd i 1902, og med 8 søsken som var eldre enn seg, var det lite sannsynleg at han skulle verta gardbrukar.  Men dette var i byrjinga av 1900, og det var lite å ta seg til innover bygdene i Osterfjorden. Amerika lokka, og 7 av dei eldre søskena hans bestefar drog dit for å skapa seg ei betre framtid. 
 Då dei vel var komne dit, og etablert seg, tok dei 6 sønene til  å tenkje på sin gamle far, som sat at på Leiknesjorda. Dei sa fra seg odelen, og meir eller mindre tvinga bestefar til å ta over heimejorda. Han hadde etablert seg i Bergen, og arbeidde som forskalingsnekkar , medan han og bestemor levde i ei kjellarleilighet med etterkvart 3  ungar. 
Forpliktinga til slekt og jord var stor, så bestefar tok over jorda. Samtidig tok oldefar kår, som var den tida si alderdomsforsikring. Han skulle ha halve huset, mjølk, kjøt, poteter og tilsyn resten av livet.  Bestemor slo seg til på den tungdrivne jorda, utan innlagt elektrisitet, og tok ansvaret for svigerfar, beist og ein veksande ungeflokk. Ho syrgde for å mjølke og få mjølka til meieriet kvar dag.
Som takk fekk dei 6 store sølvskeier frå brørne i Amerika. (No har eg ei av dei). 

Bestefar held fram med arbeidet i byd, og kom heim med rutebåten kvar  laurdagsettermiddag, og reiste att sundagskvelden. Det var 6 dagars arbeidsveke og 14 dagar sommarferie, akkurat nok til å ta del i høyonna. Han hadde alltid med seg eit par middagar i ryggsekken når han for. 
Før krigen var han kommunist. Som arbeidar var han nok oppteken av ulik fordeling av godane i verda.  Han laut vel dempe dette under krigen, og etterpå vart han ein av dei som hadde partiboka i orden, og stemte Arbeiderpartiet. Foreldra mine var venstrefolk, så dei var ikkje einige om styrestettet i etterkrigsnoreg. Bestefar sette nok Einar Gerhardsen adskilleg høgare enn  far og mor gjorde. Far var sjølstendig næringsdrivande, og såg helst at  det skulle vera betre kår for små bedrifter.
 
Den veksande ungeflokken gjorde at han måtte arbeida i byen mesteparten av krigen, og mest på Herdla. Det siste krigsåret var han heime på Leiknes og arbeidde på garden.  Gjelda var nedbetalt, og det var mykje meir engelske bombefly, både over Herdla, Laksevåg og Bergen. Det var fleire store bombingar over Bergen i 1944, så han var nok glad for å vere heime.
 Etter krigen held han helt fram med arbeid i Bergen, og var like lite heime då og. Han kom med rutebåten laurdag kveld, og reiste med båten sundag kveld. Så budde han på hybel i vekene, laga seg mat på eit lite kjøkken, eller åt mat ute på ein av kaffistovene. Eg såg han ikkje mykje. 
Då eg var ni år gamal, selde dei garden til Asbjørn, bror til mor, og bestemor og bestefar flytte til Seimsmark utanfor Bergen. No vart det forandring! Bestefar tok tog og buss til arbeid, og for første gong på lenge kom han heim att til  ferdig middag, og kunne nyte ettermiddagen og kvelden i heimen. Bestemor var heimeverande og stellte ei lita leilighet. Seinare  bygde dei  hus i Seimsmark, ein tomannsbolig dei delte med ein annan av sønene sine, Reidar. Vi ungane var ein del på besøk der, og åt middag saman med bestemor og bestefar. Ho hadde duk på bordet, og saft til maten, og me kosa oss og prata.  Men etter middag måtte bestefar kvile, for han var trøytt etter dagen. Men vi åt kveldsmat saman. Han lærte oss ungane å ete brødskiver i brun saus etter middagen, og me syntest det var ein delkatesse. 

Han stod tidleg opp for å vere på arbeid til klokka sju kvar morgon, og var stille og roleg då han stod opp, så me merka ikkje at han for.  
 
Dei laga hage på den bratte tomten, hadde nokre bærtre og prydbusker.  Dei hadde fin utsikt over fjorden og Indre Arna. Seimsmark var under utbygging, og det skjedde mykje frå dei kom dit i  1955 , og til han døydde i i 1983. Nybygging, bedre kommuikasjonar, meir folk og meir bypreg. 

Då bestefar vart pensjonist, fekk han betre tid. Han stellte i hagen, og han og bestemor besøkte borna sine på Leiknes på Fyllingsnes, og ferierte hjå dei.  I byrjinga leigde dei motorbåt, eller reiste med ein av onklane mine, Odd, seinare, då kommunikasjonane vart betre, var det tog til Bergen og rutebåt til Leiknes. 
Han hadde eit godt humør, som vart litt dempa av arbeidet og slitet gjennom eit langt liv.  Men den lune humoren og det gode smilet bevarte han  heile livet.  Fred over minnet. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar